Hopp til innhold

- Israel, trekk ut styrkane straks

Utanriksminister Jonas Gahr Støre tek sterk avstand frå krigføringa i Gaza.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Utanriksdepartementet er sterkt uroa for sivilbefolkninga etter at Israel trappa opp åtaka på Gaza ved å gå inn med bakkestyrkar laurdag kveld.

- Den israelske bakkeoperasjonen i Gaza er ei dramatisk opptrapping av konflikten. Noreg tek sterkt avstand frå krigføring som medfører store sivile lidingar og ber om at troppane blir trekte ut straks, seier Støre.

Video nsps_upload_2009_1_3_23_17_13_1443.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå Støre forklare Noregs haldning i Kveldsnytt.

Utanriksministeren har laurdag vore i dialog med både eigen regjering og kollegaer i andre land om situasjonen. Dei krev stans i valdshandlingane frå begge partar. EU uttaler riktig nok at det israelske åtaket er sjølvforsvar.

Rammar sivile

Gaza er det tettaste busetjinga i verda, og ein bakkeinvasjon vil vere svært alvorleg for sivilbefolkninga som allereie er hardt prøva gjennom mange år med strengt stengingsregime og no mange dagar med krigshandlingar.

- Vedvarande bombeåtak mot Gaza-stripa, og ein full militær bakkeoperasjon, rammar ei sivil befolkning som ikkje kan forsvare seg og ikkje kan flykte, påpeiker utanriksministeren.

Krev våpenkvile

Støre meiner Hamas straks må innstille rakettåtaka mot Israel, og at krigføringa som utviklar seg berre har eit offer; sivilbefolkninga på begge sider.

- Det finst ingen militær løysing på denne konflikten. Ein må legge press på partane for å inngå ei ny våpenkvile. Tryggleiksrådet og regionale aktørar må samle seg om eit eintydig krav om stopp i dei militære kamphandlingane og eit opplegg for ein varig fredsløysing, seier Støre.

AKTUELT NÅ