Erna Solberg seier at budsjettforslaget frå den nye regjeringa er eit LO-budsjett.
- Det er påfallande at det einaste som minner om skatteletter i dette budsjettet går til fagorganiserte og til bøndene, seier Solberg.
Erna Solberg er partileiar for Høgre. (NRK-foto)
Ho viser til at det var eit krav frå LO-leiar Gerd Liv Valla at frådraget for fagorganiserte skulle aukast.
Høgre-leiaren er redd for at når denne regjeringa har styrt landet i fire år, så vil Høgre og andre borgarlege parti måtte rydde opp igjen.
- Då blir det vi som må rydde opp igjen, akkurat som då vi tok over for Stoltenberg-regjeringa i 2001, seier Erna Solberg.
Ho er også svært skuffa over at regjeringa vil kutte i Bondevik-regjeringa si foreslåtte satsing på forsking og innovasjon.
Ho fryktar at fleire norske bedrifter vil flytte til utlandet, og at det blir dyrare for bedriftene å ha tilsette. Ho fryktar også at renta vil auke, fordi det blir brukt meir pengar i offentleg sektor.
Finanspolitisk talsmann i Høgre, Jan Tore Sanner, sa i sin første kommentar at dette var eit budsjett for auka skatt, høgare rente og lågare velferd.
Han tok i sitt innlegg i Stortinget at regjeringa kom til dekt bord i form av ein svært solid norsk økonomi.
- No fjernar regjeringa verkemidla som skapte veksten. Budsjettet vil snu opp med på Noreg, og over tid vil dette føre til at verdiskapinga vil bli svekt, sa Jan Tore Sanner blant anna.