Hopp til innhold

- Inger Lise Hansen vil halde fram

Alt tyder på at Inger Lise Hansen, vil gi valkomiteen i Kristelig Folkeparti beskjed om at ho ynskjer attval som nestleiar i partiet.

Inger Lise Hansen

Kjelder i KrF seier at Inger Lise Hansen er innstilt på å halde fram som nestleiar.

Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide skal ha uttrykt ynskje om å ha med Inger Lise Hansen på laget.

Foto: Jørund Hessevik / NRK

Kjelder i partiet seier til Aftenposten at krefter i valkomiteen vurderer å gi henne ein ny sjansen.

Sidan det vart klart at eit fleirtal av fylkesleiarane i KrF ikkje ynskjer at Inger Lise Hansen skal halde fram som nestleiar i partiet, har det vore usikkert om ho ville ta opp kampen.

Kjelder i partiet fortel at Hansen har bestemt seg for å gi beskjed til valkomiteen i partiet at ho ynskjer å halde fram. Dette skjer etter at påtroppande leiar Knut Arild Hareide har bede valkomiteen om å få Inger Lise Hansen med på laget.

I eit intervju med NRK vesle julaftan åtvara avtroppande leiar Dagfinn Høybråten Hansen mot å ta opp kampen om å halde fram som nestleiar, og viste nettopp til at så få fylkesleiarar ville ha henne.

Inger Lise Hansen har frist til 14. januar med å gi eit endeleg svar til valkomiteen.

LES OGSÅ: Advarer KrF-Hansen mot å kjempe

LES OGSÅ: KrF-fylkeslag vil vrake Hansen

LES OGSÅ: KrF-Hansen kjemper for sin politiske framtid

AKTUELT NÅ