Hopp til innhold

- Ikkje velkommen om du slår

– Viss du ikkje følgjer norsk lov, er du ikkje velkommen i Noreg, seier Abid Raja.

Abid Raja
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Debatten har vore omfattande etter at NRK i dag fortalde at ein imam er sikta for vald mot born.

Venstre-politikar og jurist Abid Raja fortalde i Redaksjon EN i kveld at han som liten vart slått i moskeen.

Han seier at vald mot minoritetsborn er vanleg også i dag.

– Vi må vere tydelege på at dette er uakseptabelt. Når ingenting skjer, er det eit stort svik mot borna. Og viss du ikkje følgjer norsk lov, er du ikkje velkommen i Noreg, seier han.

Sjå debatten «Imamar som slår born»: Redaksjon EN

Kva veit du om innvandring til Noreg? Ta Abid Rajas innvandringsquiz

– For enkelt

Shoaib Mohammad Sultan, Generalsekretær i Islamsk råd Norge, meiner det blir for enkelt å sende valdsforbrytarane ut av landet.

– Men alle som slår bør straffast. Vi kan ikkje godta at born blir slått når dei får opplæring i islam. Det er ulovleg, seier han.

Han er også usikker på om valden er like utbreidd som Raja hevdar.

– Eg har ikkje blitt slått, og er trur det er mindre vald blant muslimar i dag enn tidlegare. Likevel må vi ta dette alvorleg.

– Samfunnet må ta skulda

Video nsps_upload_2009_6_9_19_19_4_763.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Her vart vi slått med stokk.

Barneombod Reidar Hjermann meiner det norske samfunnet må ta skulda for valden mot born.

– Alle offentlege og private instansar ventar for lenge med å gripe inn når det skjer valdelege handlingar mot born i minoritetsmiljø, noko som er vanlegare enn i etnisk norske miljø. Vi må ta oss i nakken og gjere noko med dette, seier han.

Les også: Imam siktet for vold mot barn

Dårlegare rettstryggleik

Barneombodet karakteriserer dette som veldig alvorleg.

– Rettstrykkleiken for born frå minoritetane er på langt nær så god som for etnisk norske born, meiner han.

Han trur årsaka til minoritetsvalden ligg i kulturforskjellar.

– Mange foreldre kjem frå land der vald er vanlegare. Vi må opplyse om at det finst andre handlingsalternativ. Men dette stiller store krav til oss.

– Har vore for passive

Justisminister Knut Storberget (Ap) meiner heile samfunnet har vore for passive når det gjeld vald mot born.

– Og er trur born frå andre land har vore særleg utsette, seier han.

AKTUELT NÅ