Sjølv på ja-sida har entusiasmen blitt overskugga av vilkår og krav til korleis eit eventuelt Oslo-OL skulle blitt arrangert, ifølgje kulturpolitisk talsmann i Høgre Svein Harberg
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixStortingspresident Olemic Thommesen høyrer til ja-sida, men støttar likevel Høgre sitt OL-nei.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX– Me meiner det var mangelen på entusiasme som overskugga alle andre enkeltargument. Det var ingen entusiasme heller blant dei som var for eit OL i vår gruppe. Det var masse vilkår som skulle oppfyllast. Summen av desse vilkåra blei etterkvart ganske stor, seier kulturpolitisk talsmann i Høgre, Svein Harberg i Politisk kvarter på NRK P2 torsdag.
Onsdag hamna Den internasjonale olympiske komité (IOC) nok ein gong i eit kritisk søkjelys etter at lista med krav dei stiller til Oslo som søkjarby blei offentleg kjend. Cocktail-drinkar med kongen og eigne OL-filer på motovegane er blant krava.
Det var likevel ikkje IOC sine krav som var tunga på vektskåla for Høgre, ifølgje Harberg.
– Einskilde har spekulert i at det var denne lista frå IOC som gjorde utslaget, det var det ikkje. Men IOC si åtferd og kommunikasjon har ikkje gjort det lettare, seier Harberg til NRK.
Eit splitta Høgre landa på nei
Under gårsdagens diskusjonar i Høgre si stortingsgruppe blei det omsider klart at gruppa var splitta i spørsmålet om å gje ein statsgaranti på 35 milliardar kroner til å arrangera eit vinter-OL i Oslo i 2022.
Oppslutnaden er dermed for låg til at Høgre vil tilrå regjeringa å gå vidare med OL-søknaden, konkluderte statsminister Erna Solberg (H).
– Eg sa tidleg i denne prosessen at det er viktig med brei støtte til et så stort prosjekt som kostar så mykje pengar. Det er ikkje stor nok støtte til å bæra eit så stort prosjekt, sa Solberg onsdag kveld.
Like etterpå trekte Oslo kommune og ein skuffa byrådsleiar søknaden sin, ettersom det ikkje lenger finst ein realistisk moglegheit for at Stortinget vil gå inn for eit Oslo-OL i 2022.
Stortingspresident Olemic Thommesen har vore ein av OL-entusiastane, men meiner det er forståeleg at Høgre i går sa nei til å gje statsgaranti til eit OL i Oslo i 2022.
– Det synest eg er forståeleg, sjølv om eg er ein av dei som gjerne skulle ha sett eit OL og at me kunne gått vidare med dette. Men det er veldig forståeleg at det er blitt som det har blitt. OL er noko ein må arrangera med stor entusiasme. Den entusiasmen er ikkje til stades, seier Thommesen til NRK.
Det norske folket var ikkje oppglødde nok over eit potensielt vinter-OL i Oslo til at Høgre ville gje statsgaranti.
Foto: Oslo kommune– Handlar om skatte- og oljekroner
Siv Jensen har stått bom fast på nei-sida, og gler seg no over at heller ikkje Høgre vil opna pengesekken for eit Oslo-OL i 2022.
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixRegjeringspartnar Framstegspartiet røysta nei til å gje statsgaranti til OL allereie på landsmøtet sitt i mai i år.
Også Frp-leiar og finansminister Siv Jensen peikar torsdag på at mangel på sterk iver som ein viktig grunn til at ho har stått urokkeleg ved sitt nei. Frp har dessutan lenge vore kritiske til IOC sine krav til eit OL-arrangement og den pengebruken det medfører.
– Det har vore manglande entusiasme, først og framst hos fleirtalet i det norske folket. Kvar einaste krone som det norske stortinget og regjeringa skulle ha løyva til OL, er skattekroner eller oljekroner. Eg trur nordmenn vil at me skal bruka desse pengane smart.
– Delte meiningar - også i idretten
Generalsekretæren i Idrettsforbundet, Inge Andersen, seier dei har hatt tru på at OL skulle lyfta den norske idretten, men erkjenner at det har vore delte meiningar om OL-spørsmålet - også internt i idrettsrørsla.
–Dei ulike strøymingane i det norsk folket har vore et spegelbilete av dei strøymingane som finst i idrettsorganisasjonane, seier Andersen.
Idrettsforbundet rettar no blikket framover og ser på alternative måtar «å skapa ny bærekraft til idrettsleiing, frivilligheit og utvikling av nye utøvarar på i åra som kjem».
– Me er audmjuke for dei demokratiske prosessane som har vore. Det viktigaste for oss no er å løysa alle dei viktige store oppgåvene som står framfor oss, seier generalsekretæren.
Oslo kommune og byrådsleiar Stian Berger Røsland er skuffa over at Høgre landa på eit nei til OL i Oslo i 2022. Mangelen på entusiasme frå grasrota var utslagsgjevande, ifølgje Høgre.
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix