Hopp til innhold

- Ikkje regjeringa si forteneste

Naturvernforbundet synest ikkje det er grunn til å juble for den vesle nedgangen i klimagassutsleppa i fjor.

Leder i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken

- Ingen grunn til å juble, seier Lars Haltbrekken.

Foto: Audun Garberg

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Leiar Lars Halsbrekken i Norges Naturvernforbund er klar på at finanskrisa er årsaka til det meste av nedgangen.

LES OM KLIMAGASSNEDGANGEN HER: - Ikkje noko å skryte av

- Vi har fått ein bitte liten nedgang i klimautsleppa, men det er dessverre ikkje ein følgje av ein ny klimapolitikk, seier han.

- Dette skuldast i stor grad finanskrisa, og nedgangen er dessverre ikkje forårsaka av ein ny klimapolitikk. Dette skuldast i stor grad finanskrisa, i tilleggg til at industrien har gjennomført eit klimatiltak som har redusert utsleppa, legg han til.

Han gjer det klart at nedgangen på ingen måte er regjeringa si ære.

- Vi har eit håp om at regjeringa og stortinget tek innover seg alvoret i dette problemet. Vi må setje i verk kllimatiltak som sikrar oss ein nedgang i år som er minst like stor som nedgangen i fjor, seier Lars Haltbrekken til NRK.

AKTUELT NÅ