Hopp til innhold

- Ikkje kom tilbake på jobb

LO i Hydro meiner at Cecilie Ditlev-Simonsen ikkje bør komma tilbake i jobben som kommunikasjonsdirektør i selskapet, seier nestleiar i LO i Hydro, Bjørn Nedreaas.

 

 

Cecilie Ditlev- Simonsen

Cecilie Ditlev-Simonsen.

Foto: NRK

LO har i eit brev til konsernsjef reagert på måten ho har handtert saka på og meiner ho ytterlegare svekkar Hydro sitt omdøme.

Dei reagerer også på at ho får løna permisjon.

Dei LO-organiserte i Hydro har hatt hektisk møteverksemd sidan måndag, då det vart kjent at kommunikasjonsdirektøren i selskapet, Cecilie Ditlev-Simonsen, også hadde konto i Sveits. Saka vart rulla opp i samband med eit skilsmisseoppgjer.

Sist fredag innrømma far hennar, Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen at han hadde hatt hemmeleg konto i Sveits. Han måtte forklara seg måndag og seinare på dagen innrømma også barna hans, Cecilie og Sverre at dei hadde hatt 750 000 kroner på konto i Sveits som dei ikkje har skatta for.

Måndag ettermiddag gjekk Cecilie Ditlev-Simonsen gjekk ut i permisjon med løn. Dei LO-organiserte reagerer også på at ho får løna si - 150. 000 kroner i månaden medan ho er ute i permisjon. Det er ikkje sikkert alle tilsette hadde fått permisjon med løn i ei slik situasjon, meiner Bjørn Nedreaas.

AKTUELT NÅ