Hopp til innhold

- Har aldri sett noko liknande

- Eg har aldri opplevd noko liknande. Det går ras etter ras i området, og det er heilt rett å hente ut redningsmannskapa, seier helikopterpilot Karl Gustav Backlund.

Karl Gustav Backlund har 40 års erfaring som helikopterpilot.

- Eg har aldri opplevd noko liknande, seier helikopterpilot Karl Gustav Backlund.

Foto: Frank Nygård / NRK

Helikopterpiloten har 40 års erfaring bak spakane, og han har operert i fjellområdet i Vefsn i minst halvparten av desse åra. Ein slik ekstrem rasfare har han ikkje opplevd tidlegare.

- Det har gått frå full vinter til varm sommar på eit par døgn. Elvane har laga seg nye løp, det har skapt enorme krefter som igjen har utløyst mange ras. Det skal svært lite til å løyse ut nye ras, så det er rett å trekkje ut leitemannskapa, seier Backlund.

LES OGSÅ: Ekstrem rasfare - letingen innstilt

LES OGSÅ: To funnet døde - to savnet

Video Ras i Nordland

VIDEO: Sjå rasområdet filma frå helikopter.

Tunge snømassar

Han fortel at snømassane er svært tunge, og at det blir ekstra tungt når snøen blandar seg med stein og jord.

Området under Jamtfjelltinden i Vefsn ligg lang frå folk. Det er ikkje mobilsamband i området, og det tok nesten 12 timar før dei overlevande frå raset i natt greidde å få kontakt med omverda.

NRKs reporter Frank Nygård fortel at det fatale raset gjekk rett under Jamtfjelltinden, og at det har fått fleire ras på begge sider av tinden. Han var over området i helikopter i føremiddag, og kan fortelje om dramatiske forhold i fjellet.

Fleire lokalkjende fortel at dette området aldri har vore spesielt utsett for ras, og at snøsmeltinga i år har skjedd ekstremt raskt.

Fjelltrimmen

Dei åtte som var ute på tur kom frå Fjelltrimmen for å setje ut trimpostar før sommarsesongen. Normalt er det berre eit par personar som brukar å gå ut for å gjere denne jobben, men det flotte veret har truleg freista fleire til å bli med, seier Nygård.

Han fortel at det fatale raset gjekk rett under Jamtfjelltinden, og at det har fått fleire ras på begge sider av tinden. Han var over området i helikopter i føremiddag, og kan fortelje om dramatiske forhold i fjellet.

LES OGSÅ: Lokalsamfunnet sterkt preget

AKTUELT NÅ