Hopp til innhold

- Halvorsen har eit gir til

Kristin Halvorsen (SV) er meir offensiv enn tidlegare i valkampen, men kunne framleis ha gjeve endå meir i kveldens partileiarutspørjing, meiner kommentatorar.

Velg! 09 - kommentatorer
Foto: NRK

Under partileiardebatten på NRK i kveld vart Halvorsen spurt ut om alt frå miljøpolitikk og fattigdomsbekjemping til korvidt partiet støttar Hamas sine synspunkt om staten Israel.

- Slit med å svare for miljøsakene

Politisk kommentator Hege Ullstein i Dagsavisen meiner Halvorsen gjorde ein god innsats, men at ho har problem med å svare for seg om nokre saker.

- Ho vart utspurt om fleire problematiske saker. Når det gjeld fattigdomspolitikken, var ho langt meir konkret enn tidlegare, men når ho om miljø vert beden om å svare for kva regjeringa har gjort dei siste fire åra, så har ho eit problem, seier Ullstein.

Ullstein meiner likevel partileiaren verka langt meir optimistisk no enn tidlegare i valkampen.

- Ho har vakna til den siste veka, særleg etter fattigdomsdebatten, og etter at SV på meiningsmålingane har hatt framgang i viktige fylke. Halvorsen verkar tryggare og har ein annan glød no, seier Ullstein.

Ho ser ikkje vekk frå at SV kan kome til å gjere eit like bra val i år som i 2005.

- Men då trudde partiet at dei kom til gjere reint bord. No vert partiet målt opp mot innsatsen i 2005.

- SV-leiaren fekk fram at SV ikkje styrer åleine, at dei er nøydde for å kompromisse - det klarte ho å få fram godt, seier Ullstein.

- Mykje minister

Politisk kommentator Fridtjof Jacobsen i VG er også samd i at Halvorsen greidde seg bra under utspørjinga.

- Ho har tidlegare i valkampen hatt problem med å lausrive seg frå rolla som finansminister og vere partileiar. Som minister er ho sterk på analysar og kunnskap, men har vanskeleg for å vere lausare i formen - slik ho har vore som partileiar.

- Den siste tida har ho vore meir ute og snakka med velgjarane, det har gjeve henne eit anna språk, og ser ut til å ha inspirert henne.

- Men eit av dei største probleme hennar som partileier i valkampen, er at ho er finansministeren som redda finansverda i Noreg frå å gå under. Det er problematisk som SV-leiar, meiner VG-kommentatoren som summerer opp utspørjinga på denne måten:

Ho har eit gir til som ho ikkje fekk høve til å syne her. Det kom for mange vanskelege spørsmål.

Politisk kommentator Fridtjof Jacobsen i VG

- Ap tek æra

NRKs samfunnsredaktør Kyrre Nakkim er samd med Jacobsen i stilanalysa.

- Halvorsen klarer å syne at SV har ein viktig funksjon i den raudgrøne regjeringa når det gjeld miljø, men klarer dårleg å forsvare det som har vorte gjort så langt. Her er Kårstø - som er eit reint nederlag for SV - eit svært bra døme.

- Mange av dei gode sakene Halvorsen har handtert og fått gjennom som finansminister, er det Arbeidarpartiet som får kreditten for. SV-leiaren slit på miljø og forsking, og har vanskeleg med å syne til sigrar i regjeringa.

- Partiet kom til Soria Moria utan prioriterte punkt - dei kom med heile partiprogrammet. Det gjer at dei ikkje klarer å markere sigrar. Senterpartiet kom med klare punkt og sigra markant på meir pengar til kommunane.

- Dette vil nok endra seg dersom det blir ei Soria Moria II. Der kjem Lofoten til å bli det viktigaste punktet for SV, spår Nakkim.

AKTUELT NÅ