Hopp til innhold

- Grevlingar bit av føtene

Skadane på dyra kjem av grevlingåtak og at dyra har slåst med kvarandre. Det skal ikkje skje, seier styreleiaren for pelsdyrnæringa.

Rev på pelsdyrfarm
Foto: Nettverk for dyrs frihet

Det stormar rundt pelsdyrnæringa etter at organisasjonen Nettverk for dyrs frihet førre veke avslørte fleire tilfelle av grov dyremishandling på pelsfarmar ulike stader i landet.

Les også: Veterinærane vil leggje ned pelsdyrnæringa

I alt 44 pelsdyrfarmar landet rundt er melde til politiet for brot på dyrevernlova.

Styreleiar Bertran Trane Skadsem i Norsk Pelsdyralslag ser svært alvorleg på saka.

- Her er det nokon som ikkje har gjort jobben sin, seier han.

- Skal ikkje kome seg inn

Då NRK tidlegare i veka vitja ein av pelsdyrfarmane som er melde til politiet, forklarte oppdrettaren at skadane på dyra kom av grevling som hadde kome seg inn under bura og bite i føter som stakk utanfor nettingen.

Bertran Trane Skadsem

Styreleiar Bertran Trane Skadsem for pelsdyrnæringa.

Foto: NRK

Men ifølgje Skadsem skal ikkje dette kunne skje om oppdrettaren følgjer reglane.

- Det er påbode å ha yttergjerde rundt farmane. Er dette tett nok, så skal ikkje grevlingar kunne kome seg inn, seier Skadsem.

Han fortel at andre skadar kan kome av at dyra slåst med kvarandre.

- Men i dei tilfella det skjer, så skal oppdrettaren skilje dei frå kvarandre og syte for at dei skadde dyra får den behandlinga dei treng. Dette er eit ansvar oppdrettarane har, seier han.

- Kan ikkje ha desse med vidare

Då landbruksminister Lars Peder Brekk i går kalte inn til hastemøte, la pelsdyrnæringa seg flat og vedgjekk at det må ryddast opp i eigne rekkjer.

- Vi kan ikkje ha desse med vidare, sa Skadsem om nokre av oppdrettarane som no er melde.

Pelsdyrnæringa har også bede om hyppigare kontrollar frå Mattilsynet.

- Eg reknar med at kontrollørane vil setje såpass strenge krav at desse oppdrettarane ikkje vil kunne drive med husdyrhald framover, seier Skadsem.

Han meiner likevel ein må vere varsam med å dømme heile næringa for feil nokre få har gjort.

Vi må gå gjennom heile saka før vi feller dom over næringa. Signala så langt tyder på at nokre av dei melde gardane kan verte frikjende.

Skadde dyr på 22 stader

Nettverk for dyrs frihet fann alvorleg skadde dyr på 22 av dei 44 undersøkte farmane. Men alle 44 farmane braut dyrevernlova, ifølgje nettverket.

- På alle farmane hadde dyra stereotypisk åtferd, som vil seie tvangsrørsler. Dette skuldast psykiske lidingar som kjem av mistrivsel, seier aktivist Per Arne Tøllefsen i Nettverk for dyrs frihet.

Ber om fleire kontrollar

No skal Mattilsynet kontrollere dei innmeldte gardane.

Men det er ikkje meir enn litt over fire månader sidan det same tilsynet konkluderte med at forholda for norske pelsdyr var gode. Denne konklusjonen kom etter undersøkingar hjå heile 244 pelsdyrfarmar landet rundt. Det utgjer 74 prosent av alle norske pelsdyrfarmar.

- Vi reagerer sterkt på dei bileta som har kome fram no, og kan seie at forholda sjølvsagt ikkje var slik, seier assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland i Mattilsynet.

- Ansvaret ligg hjå oppdrettarane

Mattilsynet kan i dag ikkje svare på om nokre av dei 44 farmane som er melde for brot på dyrevernlova er blant dei 244 dei vitja. Men det er mogleg. Då Mattilsynet vitja pelsdyrfarmane var eigarane i all hovudsak varsla på førehand, ifølgje Fjetland.

- Forholda kan ha endra seg sidan vi var på besøk, seier han.

- Har Mattilsynet då gjort ein bra nok jobb i vurderinga av korleis reglane vert følgde i pelsdyrnæringa?

- Vi kan ikkje vere overalt. Vi må hugse at ansvaret for drifta ligg hjå oppdrettarane, som i desse tilfella burde ha gjort ein betre jobb. Så må vi sjølvsagt vere audmjuke i vurderinga av desse bileta og vurdere om vi også må betre tilsynsrutinane våre, seier han og varslar fleire uanmelde inspeksjonar frå Mattilsynet framover.

AKTUELT NÅ