Hopp til innhold

- Glad alle får erstatning

- Dette var ein godt gjennomarbeidd og rett dom, meiner bistandsadvokat Håkon Brækhus.

Bistandsadvokat i "lommemann-saken" Håkon Brækhus.

Håkon Brækhus er ein av bistandsadvokatane i Lommemann-saka.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Brækhus seier til NRK at han helst hadde sett at retten ikkje hadde redusert erstatningssummane, men han er glad for at retten har funne at alle dei 66 fornærma har krav på erstatning.

2,5 millionar

Kravet var på til saman 7,5 millionar kroner, medan retten kom fram til at 2,5 millionar kroner var ein passeleg sum.

Fleire kommentatorar har sagt at summen er i tråd med gjeldande rettspraksis.

I tillegg til forvaringsdommen må Erik Andersen betale mellom 25.000 og 125.000 kroner i erstatning til dei 66 offera, ein samla erstatningssum på vel 2,5 millionar kroner.

I dommen heiter det blant anna: «Det foreligger rettslig grunnlag for oppreisning i forhold til samtlige fornærmede. Det er utvilsomt at de fornærmedes unge, og til dels meget unge alder må tillegge vekt i vurderingen.»

Svært unge offer

Erik Andersen vart frifunnen for eitt tilfelle av valdtekt i Oppland, men han vart dømd for valdtekt av ein sju år gammal gut i Hordaland.

Offera til Lommemannen var til dels svært unge. Her er utdrag frå dommen som omhandlar overgrepet mot ein åtte år gammal gut.

«Det foreligger ingen unnskyldelige momenter hva gjelder fornærmedes alder. Han var åtte år gammel. Skyldkravet hva gjelder fornærmedes alder , dvs under 14 år på gjerningstidspunktet, er åpenbart oppfylt».

LES OGSÅ: Aktor: Håper Andersen ikke anker

LES OGSÅ: - Dette var ein streng dom

LES OGSÅ: – Dette er ikke en streng straff

LES OGSÅ: Lommemannen dømt til forvaring

AKTUELT NÅ