Hopp til innhold

- Gamblar med enorm risiko

Øystein Stray Spetalen kom med knallhard kritikk av investeringane i Oljefondet i kveldens Redaksjon EN.

Investor Øystein Stray Spetalen

Investor Øystein Stray Spetalen langar ut mot investeringane i Oljefondet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Direktør i Norges Bank Investment Management, Yngve Slyngstad

DELTOK: Direktør Yngve Slyngstad i Oljefondet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Kristin Halvorsen

DELTOK: Finansminister Kristin Halvorsen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Ola Storeng

DELTOK: Økonomiredaktør Ola Storeng i Aftenposten.

Foto: Aftenposten
Elisabeth Holvik

DELTOK: Elisabeth Holvik, Sjeføkonom Sparebank1.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Harald Magnus Andreassen

DELTOK: Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom First Securities.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

I dag vart årsrapporten for Statens Pensjonsfond Utland, også kalla Oljefondet, lagt fram. Den viser at oljefondet har tapt 633 milliardar kroner sidan i fjor.

Ein fjerdedel av pensjonane til komande generasjonar er dermed borte, og all oppsamla avkastning sidan 1998 er forsvunne.

Ser i sladdrespegelen

Finansekspertar nøler ikkje med å kritisere regjeringa si handtering av fondet, og i Redaksjon Ein i kveld kom fleire kjende økonomar for å debattere forvaltinga av dei enorme verdiane.

Øystein Spray Spetalen dukka opp til sendinga med friskt engasjement. Han er steinhard i kritikken, og uttaler at investeringane er som å kikke i sladrespegelen og tenkje at dersom det er firefelts motorveg bakover, er det firefelts motorveg framover også.

- Noreg har med sine store oljeressursar vunne i lotto, men vi har gamla med alt for mykje av pengane med alt for stor risiko. Lottogevinstar må ein ta betre vare på, slår investoren fast.

Halvorsen nølte

Direktør for Oljefondet, Yngve Slyngstad svarte innleiingsvis på kvifor ein har investert slik som ein har gjort, men han ynskte ikkje å stille opp i den påfylgjande debatten. Dei største kritikkarane meiner styret i Oljefondet må kastast.

Finansminister Kristin Halvorsen nølte lenge med å takke ja til å delta i sendinga. Helst ville ho sett at ho fekk debattere mot andre politikar, men tok etter kvart mot til seg til å stille opp mot økonomane.

- Folk heime i sofakroken må ikkje tru vi har tapt pengane. Dette er berre papirtal, og på lang sikt vil marknaden snu, seier ho.

Halvorsen har ikkje alltid vore positiv til å plassere pengane til pensjonistane i aksjemarknaden.

Taper på utbygging

Ved sidan av Spetalen stilte økonomiredaktør Ola Storeng frå Aftenposten og sjeføkonomane Elisabeth Holvik frå Sparebank1 og Harald Magnus Andreassen frå First Securities i det økonomiske panelet.

Ikkje alle er like krass i kritikken som Spetalen. Holvik påpeikar det er lett å vere etterpåklok, medan Andreassen meiner investeringane i Oljefondet er fornuftige.

- Situasjonen i finansverda gjer at vi hadde tapt pengar uansett korleis vi hadde investert. Hadde vi putta pengar i veg- og jernbanebygging, ville vi fått lite for pengane, seier han.

Sjå kveldens Redaksjon EN i opptak på nett

AKTUELT NÅ