NRK Meny
Normal

- Frp driv symbolpolitikk, meiner Unge Høgre

Høgre vil ikkje godta asylplanen FrP-leiar Siv Jensen la fram i dag. Medan Unge Høgre seier det ikkje er mogleg å forskanse seg mot terror og kallar forslaga symbolpolitikk.

Siv Jensen holder pressekonferanse

STANS: Frp-leiar Siv Jensen vil stanse asylinnvandringa for å gjere Noreg tryggare.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Frp-leiar Siv Jensen lanserer fleire tiltak ho meiner vil gjere Noreg til eit tryggare land.

– Vi går til val på fem heilt konkrete tiltak for å trygge det norske folk. Det fyrste er å stanse asylinnvandringa til Noreg, seier Siv Jensen.

Det viktigaste Frp vil gå inn for, er å opprette asylmottak i utlandet, slik at asylsøkjarane skal søkje frå eit anna land.

Siv Jensen meiner også desse tiltaka vil gjere Noreg tryggare:

  • Intensivere tvangsreturar og opprette asylmottak i utlandet.

  • Gjere dagens midlertidige grensekontroll permanent.

  • Innføre minimum ti års butid i Noreg før ein får statsborgarskap. I dag er grensa sju år.

  • Meir overvaking for å kjempe mot radikaliserande aktivitet.

– Asylsystemet kan misbrukast. Me må ha kontroll med kven som kjem til landet. Difor vil me opprette asylmottak i utlandet, slik at dei som kjem til landet er sjekka før dei kjem, seier Jensen.

Symbolpolitikk

Sandra Bruflot

- Det er ikkje mogleg å forskanse seg mot terror, seier Sandra Bruflot, nestleiar i Unge Høgre.

Foto: Unge Høyre

I samarbeidspartiet Høgre tykkjer dei lite om forslaga. I ein epost skriv nestleiar Bent Høie at:

– Vi er opptatt av å tilpasse virkemidlene til den situasjonen Norge er i, og vi opplever at de virkemidlene vi nå har langt på vei er tilstrekkelig for å sikre en bærekraftig innvandring til Norge.

Unge Høyre ved nestleder Sandra Bruflot går lengre og kaller FrP sine forslag for symbolpolitikk.

– Me meiner FrP går alt for langt. Me kan ikkje forskanse oss mot terror ved å stenge alle ute, seier Bruflot.

– Betent situasjon

FrP sa i dag at dei går til val på å opprette asylmottak i utlandet. Det vil kreve forhandlingar og avtaler med andre land. Jensen seier ho må kome tilbake til kven som skal drifte mottaka og korleis dette kan fungere i praksis. Men ho avviser at dette er umogleg å gjennomføre.

– Frp har gong på gong vist at det umoglege er mogleg. Det vil me gjere også her. No går me til val på å få asylmottak i utlandet. Me vil ha kontroll på våre yttergrenser. Me vil vite kven som kjem til Noreg. Det handlar om tryggheit. Og det handlar om å skape ro rundt ein veldig betent situasjon.

Permanent grensekontroll

I tillegg vil partiet intensivere tvangsreturar, gjere dagens midlertidige grensekontroll permanent og styrke kontrollen av kven som oppheld seg i Noreg. Frp vil opne for at politiet kan gå med våpen i dei politidistrikta som ønskjer det.

Partiet vil også auke kravet til butid for å få norsk statsborgerskap til minst ti år og innføre krav om å sverge truskap til Noreg. I dag er grensa sju år. Det siste tiltaket ho nevnte er auka overvaking for å kjempe mot radikaliserande aktivitet.

– Det har ikkje kome færre asylsøkjarar til Noreg enn no, dei siste 20 åra. Dette fortel oss at politikken vår verkar, og at det betyr noko kven som styrer, seier Jensen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger