Hopp til innhold

- Foreldre fråskriv seg ansvar

Barna er taparane når foreldre overlet heile ansvaret for utdanninga til lærarane, meiner professor.

Klasserom
Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

Professor i pedagogikk ved Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, meiner mange foreldre fråskriv seg ansvar for barna sin skulegang.

 Forsker Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark

Forsker Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

- Foreldre opplever seg i dag som brukarar i skulen, som om dei kjøper ei velferdsteneste. På sikt er ikkje barna tent med dette.

- Uheldig

Professoren, som er ein av dei som har forska mest på heim og skule, trur føresette med dette sviktar den tradisjonelle foreldrerolla i skulen.

- Foreldre tenkjer at skulen gjer jobben åleine. Dette er uheldig når vi veit at noko av det viktigaste grunnlaget for barna sin lærdom skjer i heimen.

Pressa lærarar

Han fryktar at utviklinga vil gå ut over lærarrekrutteringa.

- Læraren kjem i eit veldig press, både frå skulestyresmaktene og føresette. Alt som slår eit negativt lys over læraryrket går ut over rekrutteringa.

Læraren får skulda

Henning Frode Dispen

Henning Frode Dispen, lærar i Stryn.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Lærer Henning Frode Dispen frå Stryn i Sogn og Fjordane seier problemet blir fortia. Han trur det er vanskeleg for mange lærarar å stå fram offentleg. Sjølv har han vorte utskjelt på det grovaste av misnøgde foreldre.

- I dag er det meir vanleg å seie at det er læraren sin feil at det er dårleg orden og åtferd i klasserommet. Det er noko som er riv ruskande gale med heile systemet i forhold til å vise respekt og ta ansvar.

- Rettmessige foreldrekrav

Leiar i Foreldreutvalet for grunnskulen, Loveleen Rihel Brenna, meiner på si side foreldra sine krav til lærarrolla er rettmessige, trass i at skulestyresmaktene legg vekt på at føresette har eit ansvar i skulen.

- Viss foreldre skal ha eit medansvar, må skulen synleggjere kva som er kompetansemåla og korleis foreldre skal veilede barna.

AKTUELT NÅ