Hopp til innhold

- For flaut å kjøpe angrepille på super'n

Mjølk, brød, grandiosa - og angrepille. Både ungdomspolitikarar, apotektilsette og dei unge sjølve er skeptiske til forslaget frå Legemiddelverket om å selja naudprevensjon på Rema eller Rimi.

Naudprevensjon

- Eg kan fortelja deg alt du lurer på om pillen, men på Rema 1000 og andre daglegvarebutikkar har dei ikkje lov å uttala seg, seier farmasøyt Kristin Middtun.

Kristin Midttun, farmasøyt
Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Farmasøyten opplever nesten alltid at dei som kjøper angrepillen, har spørsmål om korleis den skal brukast eller når pillen virkar best. Det er dei yngste som veit minst, samstundes som det er dei under 25 år som oftast tyr til naudprevensjon. Middtun meiner det er viktige årsaker til kvifor pillen ikkje bør seljast saman med mjølk, brød og grønsaker på Kiwi eller Rimi.

Ser ikkje poenget

Christina Ramsøy i Senterungdommen deler dei apotektilsette sin skepsis mot å få legemiddelet i butikken.

Christina Ramsøy, Senterungdommen

- Unge vil kvi seg for å kjøpa angrepillen på nærbutikken fordi dette er noko dei fleste ikkje ønskjer at heile bygda skal vite, seier Ramsøy til NRK.

Statens Legemiddelverk argumenterer med at dersom pillen vert å få kjøpt i butikk, vil det sikra lik tilgang over heile landet uavhengig av opningstider eller kor langt unna næraste apotek ligg. Men Senterungdommen vil heller ha andre løysingar, som til dømes at det skal sikrast døgnopne helsestasjonar innanfor kjøreavstand i alle kommunar.

- Vil auka salet

Dei får støtte frå ungdommen sjølv, men ikkje fordi dei meiner det er flaut å kjøpa pillen i butikken.

- Det som har skjedd har skjedd. Om ein kjenner kassadama er det siste ein tenker på i ein sånn situasjon, meiner søstrene Silje og Ida på 23 og 15 år.

Silje og Ida
Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Dei trur begge bruken av pillen vil auka dersom den vert å få kjøpt i butikken, men meiner likevel det er betre enn alternativet - som ofte er abort.

- I min vennekrets hender det oftare no enn før at ein løyser "problemet" etter eit one-night stand ved å skaffa ein reseptfri pille, og det ville nok vore meir vanleg dersom ein berre kunne gått på Rema 1000, seier Silje.

- Det er uansett få som gidd å lesa bruksrettleiinga, spesielt blant dei yngste, trur jentene.

Først til hausten avgjer stortingspolitikarane om angrepillen skal bli tilgjengeleg i vanlege butikkar.

AKTUELT NÅ