- Det er nok mange som stikk tidleg frå jobben i dag, seier informasjonssjef Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund.
I morgon startar nemleg småviltjakta, der kring 100.000 av landets 190.000 jegerar deltek.
- Talet på jegerar har auka dei siste åra. Jakt er ein aktivitet for folk flest, seier Espen Farstad.

Onsdag startar haustjakta. SV foreslår maksprisar på jakta for å sikre at vanlege folk får jakte, men Jeger- og Fiskeforbundet vil heller satse på informasjon.
- Tener grovt på jakta
Men Sosialistisk Venstreparti ser mørke skyer i horisonten. Dei trur jakt kan bli ein rikmannssport. For ein del stader blir det dyrare og dyrare å jakte.
- Eg ser at ein del vald og grunneigarar tener grovt på jakta, og at den dermed ekskluderer vanlege folk frå å jakte, seier Hallgeir Langeland (SV).
- Mitt utgangspunkt er at tilgangen skal vere uavhengig av inntekt, slik at vanlege folk får tilgang til å jakte og kan styrke denne interessa.
- Kva bør ein gjere?
- Eitt tiltak er å regulere prisnivå, med makspris på felling av dyr, seier Langeland.
- Men eg er mest interessert i å finne løysingar som kan få fleirtal. No vil eg diskutere med lokale avdelingar av jeger- og fiskeforeninga. Det viktigste er å komme i gang med ein debatt om kven som skal få lov til å jakte her i landet.
- Pris avgjer ikkje tilgang

Espen Farstad (t.v.)
Men Jeger- og Fiskeforbundet er skeptisk til forslaget om makspris, og til at SV ikkje har snakka med dei først.
- Jeger- og Fiskeforbundet har stilt seg kritisk til dette forslaget, seier Espen Farstad.
- Det er ein god intensjon, for jakt og fiske skal alle ha råd til. Men vi meiner verkemiddelet blir feil. Skal eg vere litt slem, så syns eg det er litt sånn gammal-sosialdemokratisk. For sjølv om prisane på jakt skulle gå ned, så gjer ikkje det at fleire slepp til.
Fører til kreative løsyingar
Han meiner lågare prisar på jaktvald ville føre til at grunneigarane måtte finne på kreative løysingar.
- Til dømes leiger Gjelsten Målselvfossen nokre veker i juni. Det kostar kanskje nokre hundre tusen, utan at eg veit det sikkert. Om ein fekk eit pristak på dette, så ville neppe fleire folk sleppe til av den grunn.
Då ville ein kanskje måtte leige ei hytte ved sidan av fossen for eit par hundre tusen i staden, for det er ikkje regulert. Så eg trur ikkje dette er eit godt forslag. Det er eit litt tabloid forslag.
Klasseskilje i jaktterrenget

Hallgeir Langeland (SV) vil ha maksprisar på jakt.
SV og Hallgeir Langeland dreg linjer mellom tilgangen til jakt, tilgang til laksefiske og tilgang til strandsonen.
- Pengemakta rår på fleire område, og det er klart at nokon taper på det. Vanlege folk vert skvisa ut frå område etter område. Det gjeld både strandsonen og det gjeld jakt og fiske. Mange får ikkje delta i jakt og fiske fordi dei ikkje har råd til det. Det utviklar seg eit klasseskilje der folk ikkje får dyrke hobbyen sin, seier Langeland.
Men Jeger- og Fiskeforbundet meiner dette klasseskiljet slår begge vegar. Mange ”små” grunneigarar tviheld på sitt eige jaktterreng og vil ikkje dele med folk utanfrå.
"Kjenne folk"-kulturen
- Du får til dømes ikkje leigd elgterreng i Agder, seier Farstad.
- Der er det små einingar. Denne ”må kjenne folk”-kulturen fordrar at du kjenner folk på bygda eller bur der for å få lov til å jakte. Men også folk i byane må kunne få høve til å nytte seg av naturen. Då krevst det informasjon og samarbeid.
Då er spørsmålet om forbundet kan klare å få både i pose og sekk, slik at fleire får bruke naturen, samtidig som prisane ikkje stig for mykje.
- Vi trur det er mogeleg. Vi bur i eit stort land med mange gode jakthøve, seier Farstad.
Men han er samd i at enkelte stader er særleg belasta med høge jaktprisar.
- Gjeld også laksefiske
- Snittet på småviltjakt er generelt lågt, men i fjellet i Sør-Noreg er det ekstremt. Der er folk så dumme at dei betaler fleire hundre tusen kroner for å få jakte rype, seier Farstad.
Hallgeir Langeland ynskjer å foreslå maksprisar på jakt, men veit ikkje nøyaktig kor mykje han vil det skal koste.
- Eg kan ikkje komme med nokon makspris her og no. Det må vere ein pris som ikkje gjer at folk ramler ut. Eg har dei same tankane når det gjeld laksefiske. Det kan ikkje vere slik at kongen og Rimi-Hagen får stikke av med dei beste områda, seier Langeland.
No vil SV-aren diskutere saka med Norsk Jeger- og Fiskeforbund, og eventuelt foreslå reguleringar for Stortinget.
- Jakt er ein folkeaktivitet
Men informasjonssjef Espen Farstad i Jeger- og Fiskeforbundet held på at forslaget om maksprisar er feil. Han trur jaktkulturen er så rotfest i Noreg at det ikkje er fare for at ein elite tek over. For her i landet er jakt meir enn pengar.
- Visst er det det. Ein skal ikkje langt ned på kontinentet før ein finn ein ”grøn Mercedes”-kultur. Vi må oppretthalde jakt som ein folkeaktivitet som her i Noreg. Vi må sikre at folk ikkje blir framandgjorte overfor naturen. Vi tilbyr kurs, og prøver mellom anna å ta vare på dei kvinnene som er på veg inn i miljøet. Og så lenge det er eit breidt miljø som driv jakt, treng ein ikkje slike tiltak som dette.