NRK Meny
Normal

- Fiskarane skal prioriterast

Oljebransjen må vike for fiskarane. Det er regjeringa reaksjon på Oljedirektoratets seismikkleiting.

Både fiskarar og miljøvernarar er svært provosert over Oljedirektoratet som set i gang med ny seismikkleiting 15 mai. Ingen kan utelukke aksjonar mot leitinga.

Les: Trugar med aksjonar

Olje og energidepartementet seier at fiskarane skal prioriterast.

- Vi har hatt ein god dialog i lengre tid. Det er ingen tvil om at når fiskarane fisker, må seismikkskipa vike, seier statssekretær Liv Monica Stubholt.

Fisk er viktigast

Liv Monica Stubholdt

Liv Monica Stubholt.

Foto: Tore Berntsen / Tore Berntsen.

Fiskarane seier dei tidlegare ikkje har fått noko hjelp frå korkje Kystvakta eller andre når det har vore konfrontasjonar. Statssekretær Stubholt seier fiskarane ikkje treng å frykte våren og sommaren.

- Vi har hatt god dialog med både fiskeridirektoratet og oljebransjen om dette. Eg minner og om informasjonsmøtene som Oljedirektoratet arrangerer i Nord-Noreg i desse dagar. Alle skal vere godt orientert om kva lover som skal gjelde, seier Stubholt.

- Og det er då Saltvasslova sin paragraf 14?

- Ja den seier klart frå at eit fiskefartøy i fiske ikkje må vike. Det er seismikkskipet som skal vike.

Områda utanfor Lofoten og Vesterålen er særs viktige for fiskarane. Her gyt både skrei og anna fisk. Enorme mengder blir teke opp frå område kvart år. Stubholt er heller ikkje tvil om kva som er viktigast.

- I den grad det kan konkluderast med at olje og gass ikkje kan leve i sameksistens med fiskeria, skal fiskeria prioriterast. Det er det ingen tvil om, seier Stubholt.

Vi vil tape

Både Noregs Fiskarlag og Fiskeri og Havbruknæringa si landsforeining har reagert på leitinga som vert tatt opp igjen no i vår. Dei føler at det til tider ikkje nytter å snakke for fiskeri.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger