Hopp til innhold

- Fare for nye overgrep

Follo ringrett grunngir forvaringsdommen mot Erik Andersen med at det er fare for gjentaking av overgrepa han er dømd for.

Lommemannen
Foto: Politiet

Andersen er altså dømd til forvaring i ni år, med ei minstetid på seks år. Han har alt sona nesten tre år i varetekt, og dette kjem i fråtrekk til den endelege dommen.

Nye seksualbrotsverk

I dommen blir det slått fast at det er nærliggjande fare for at tiltalte vil gjere seg skuldig i nye alvorlege seksualbrotsverk. Dette sjølv om Andersen har hatt nytte at den terapien og behandlinga han har fått i fengselet.

Likevel meiner tingretten at han treng fleire år med behandling, og at det ikkje er mogleg å seie noko om utfallet og effekten av terapien.

LES OGSÅ: - Glad alle får erstatning

LES OGSÅ: - Dette var ein streng dom

Samfunnsvern

Eit tidsavgrensa dom i denne saka, heiter det i dommen, ville ha vore på noko under åtte år. Hadde dette vorte utfallet, ville han vere ein fri mann om fem år. Dette meiner retten ikkje gir eit godt nok samfunnsvern, i forhold til dei handlingane han har gjort seg skuldig i.

«Selv om tiltalte har begått en alvorlig seksualforbrytelse og det er nærliggende gjentakelsesfare, er det grunnleggende vilkår at en "tidsbestemt straff ikke anses tilstrekkelig til å verne samfunnet". Spørsmålet er således om en vanlig fengselsstraff gir tilstrekkelig samfunnsvern», heiter det i dommen.

LES OGSÅ: – Dette er ikke en streng straff

LES OGSÅ: Lommemannen dømt til forvaring

AKTUELT NÅ