– Buplikta er eit uakseptabelt inngrep i eigedomsretten til kvar einskild. Dette er eit brot på einskildmennesket sin rett til å sjølv å bestemma kva ein skal bu.
Innstrammingar, slik Regjeringa gjer framlegg om er eit langt steg i feil retning, seier Hansen.
I dag offentleggjorde landbruksminister Terje Riis-Johansen sitt framlegg til endringar i bu- og driveplikta.
Les òg
Overkøyrer innbyggjarane
– Me har mange døme på at innbyggjarane kjenner seg overkøyrde av styremaktene i slike saker, og at utfallet er uråd å føreseia. I ni av ti saker der det vert søkt om fritak, vert det gjeve fritak. Difor har me fått eit regelverk der unnataket er hovudregelen, seier Hansen.
Hansen og Høgre meiner at buplikta reduserer prisane på eigedomane og at dette fører til at hus vert ståande tome.
– Det fører til at eigedomane vert ståande tome i staden for å verta lagde ut på marknaden. Tal frå SSB syner at kvar femte landbrukseigedom, med bygningar sto tome i 2006. Når nesten 35.000 eigedomar står tome, meiner Høgre det er på tide å gjera noko med bupliktproblemet, seier han.