Hopp til innhold

- Ein av dei siste pionerane

Statsminister Jens Stoltenberg seier at Haakon Lie var ein av dei siste pionerane i den norske arbeidarrørsla.

Video nsps_upload_2009_5_25_19_16_8_1478.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Jens Stoltenberg kallar Haakon Lie for ein av dei siste pionerane.

- Haakon Lie var med på å utvikle Noreg frå å vere eit fattigsamfunn til eit velferdssamfunn. Noreg og Arbeidarpartiet er takknemleg for innsatsen hans, seier statsministeren.

Han seier at Haakon Lie hadde eit glødande engasjement og hadde eit ruvande virke gjennom eit langt liv.

Reiulf Steen

Reiulf Steen

Reiulf Steen vart forsona med Haakon Lie for tre år sidan.

Foto: Silje Kolaas / NRK

Reiulf Steen tilhøyrde venstresida i Arbeidarpartiet, medan Haakon Lie tilhøyrde det som vart rekna som høgresida. Frontane mellom dei to var mange gonger harde.

- Vi var saman i partisekretariatet frå 1965 til 1969. Det var tøft, veldig tøft, og seinare snakka vi ikkje med kvarandre på 30 år, seier Steen til NTB.

Men dei to vart forsona på 100-årsdagen til Haakon Lie.

- Det er eg veldig glad for. Og det var han også, seier Steen, som kallar Haakon Lie for den siste av sigerherrane.

Trass i djupe konfliktar mellom dei to, understrekar Steen den enorsme innsatsen Lie har lagt ned, både for Noreg som nasjon og for Arbeidarpartiet.

- Han byugde opp Det norske Arbeidarparti til å bli ørna blant dei norske partia etter krigen, avsluttar Reiulf Steen.

Ronald Bye

Ronald Bye, tidlegare partisekretær i Ap.

Ronald Bye tok over som partisekretær i Ap etter Haakon Lie.

Foto: BJØRN SIGURDSØN / Scanpix

Mannen som tok over som partisekretær i Ap etter Haakon Lie, Ronald Bye, seier at den siste i kvartetten som gjekk i front under gjenreisinga av Noreg er borte.

- Einar Gerhardsen, Konrad Nordahl, Trygve Bratteli og Haakon Lie har særleg merkt seg ut. Dei utgjer gjenreisingskvartetten, seier Ronald Bye.

Då Bye tok over som partisekretær i 1969, hadde Haakon Lie hatt vervet sidan 1945.

- Overgangen gjekk greitt. Han rydda kontoret og reiste av garde. Han vart ingen sjuande far i huset, seier Bye.

Odvar Nordli

- Ei urkraft har gått bort. Haakon Lie var velsigna med ei jernhelse og ein jernvilje, seier tidlegare statsminister Odvar Nordli, som samarbeidde tett med Lie gjennom eit langt politisk liv.

Odvar Nordli og Haakon Lie i 2001

Odvar Nordli og Haakon Lie på ein partisamankomst i 2001.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Nordli framhevar det Lie stod for som partibyggjar, og seier at ein epoke er over i norsk politisk historie og for norske arbeidarrørsle.

- Han var sterk, og derfor var han i visse samanhengar omstridd. Men i dag bør vi minnast den enorme innsatsen han har lagt ned for dei svake i samfunnet, seier han.

- Han fekk oppleve lukka av å vere klar like til det aller siste. Det er stort for eit menneske å få avslutte på ein slik måte, seier Odvar Nordli, som sjølv har blitt 81 år gammal.

- Eg har hatt eit rimeleg nært forhold til Haakon Lie i heile den perioden eg har drive aktiv politikk. Vi var kanskje ikkje alltid like samstemde, men i hovudsak har vi alltid samarbeidd, seier han.

Kyrre Nakkim om Haakon Lie

Video nsps_upload_2009_5_25_19_22_21_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

NRKs politiske kommentator Kyrre Nakkin om Haakon Lie.

AKTUELT NÅ