Hopp til innhold

- Ei sak for disiplinærnemnda

– Det er kvalmande at kollegaer kan spreia slike haldningar, seier jurist og stortingsrepresentant André Okaty Dahl (H). Han vil at disiplinærnemnda i Advokatforeininga skal vurdera om Staff er skikka til vera advokat.

André Oktay Dahl
Foto: NRK

Han er rysta over at forsvarsadvokat Tor Erling Staff bagatelliserer overgrepa Lommemannen har stått for.

– Eg synest det er totalt motbydeleg og at det er å sparka på ofra for overgrep og familiane deira, seier Dahl. Han oppfattar dette som ei oppmoding til alle dei som ikkje har fortalt historiene sine om å teia still.

– Staff bagatelliserer overgrep av di han som vaksen meiner at dette er noko born må finna seg i, seier Dahl.

Peanuts

Advokaten til den sikta i lommemannsaka, Tor Erling Staff omtalta overgrepa lommemannen har gjort mot fleire hundre gutar som ”peanuts”, og sa at han er usamd i at dette er alvorlege overgrep.

No meiner han at om Staff ikkje vel å pensjonera seg, bør disiplinærnemnda til advokatane vurdera om Staff er skikka til å halda fram som advokat.

– Dette er signal til ålmenta og til born som er totalt forkastelege og etisk heilt på sida.

Dahl meiner ikkje at det er problematisk at han som politikar uttaler seg om kva avdokatar skal få lov til å meina offentleg.

– Me har ytringsfridom, men eg har òg ytringsfridom som politikar til å seia at ein advokat faktisk ikkje bør seia dette. Dette er nye overgrep mot born. Og eg har òg ytringsfrisdom til å meina at advokatane sine eigne organ må setja foten ned og seia at dette er ikkje greitt.

Aldeles forkasteleg

Også forledra til lommemannoffra reagerer sterkt på bagatelliseringa til Staff. Ein far NRK snakka med fredag kveld kalla uttalene aldeles forkastelege.

– At ein så framståande mann kan stå fram på fjernsyn og seia det han gjer, det seier noko om han sjølv. Han tel pengar, men me tel sjeler som lommemannen har forgripe seg på.

AKTUELT NÅ