Hopp til innhold

- Eg kjem ikkje til å trekkje meg

Manuela Ramin-Osmundsen stadfesta i Redaksjon EN at ho ikkje har tenkt å gå av som barne- og likestillingsminister.

Redaksjon EN

Per-Kristian Foss, Siv Jensen, Manuela Ramin-Osmundsen og Svein Roald Hansen i Redaksjon EN.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Manuela Ramin-Osmundsen og Svein Roald Hansen

Statsråden stilte til debatt saman med partifelle Svein Roald Hansen.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Ramin-Osmundsen innrømmer tysdag kveld at ho besøkte det nyutnemnte barneombodet Ida Hjort Kraby på hytta.

Besøket fant stad då Kraby var tilsett som dommarfullmektig i Lofoten på 90-tallet.

Møtte Kraby på hytta i Lofoten

Ramin-Osmundsen møtte Per-Kristian Foss (H) og Siv Jensen (FrP) i Redaksjon EN i kveld. Politiske komentatorar frå VG, Dagsavisen og NRK stilte også opp.

Arne Strand i Dagsavisen meiner statsråden har opptredd på kanten av det ein kan tillate.

- Dette kan ende med at Ramin-Osmundsen må trekkje seg, seier han.

- Må vurdere å gå

FrP-leiar Siv Jensen meiner barne- og likestillingsministeren har handtert utnemninga av barneombodet så klønete at ho bør vurdere å trekkje seg.

Les: - Statsråden bør vurdere stillingen

- Ho har tukla det til, og viser gjennom denne prosessen at ho ikkje skjønnar dei konstitusjonelle spelereglane. Det er svært alvorleg, seier Jensen.

Nestleiar i Høgre, Per-Kristian Foss, er nøgd med at tilsetjinga av nytt barneombod blir teken opp i kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget.

Les: Stortinget blander seg inn

- Det er grunn til stille spørsmål ved prosessen. Men eg trekkjer ikkje konklusjonar før eg får svar på dei spørsmåla vi har stilt. Statsråden skal få høve til å svare for seg, seier Foss.

- Har skadd barneombodet

Kyrre Nakkim i NRK trur barne og likestillingsministeren står støtt og rir det heile av. Verre er det med barneombodet.

- Ramin-Osmundsen har skadd truverdet til barneombodet. Det kan ende med at Ida Hjort Kraby må kaste handkledet, seier han.

Arne Strand meiner Ramin-Osmundsen har takla saka svært dårleg. 

- Fyrst sa statsråden at ho ikkje kjente Kraby, etterkvart innrømmer ho at dei er i same nettverk, påpeikar han.

Elisabeth Skarsbø Moen i VG meiner barne- og likestillingsministeren har dårlege kort på handa.

- Ramin-Osmundsen kan ha gjort Kraby ei bjørneteneste, seier ho.

NETT-TV: Sjå Redaksjon EN her

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger