Hopp til innhold

- Dette var ein streng dom

Forsvarar Gunhild Lærum meiner dommen mot Erik Andersen er streng, men ho er glad for at han er frifunnen for eitt av dei to tiltalepunkta om valdtekt.

Forsvarar Gunhild Lærum

Forsvarar Gunhild Lærum seier ho tek dommen til etteretning.

Ho har ikkje diskutert dommen med klienten sin, og kan såleis ikkje seie noko om det blir ein anke. Ho snakka med han tidligare i dag, men då snakka dei i hovudsak om Andersen sin helsetilstand.

Lærum seier dei vil bruke denne veka på å vurdere om det blir aktuelt med ein anke. Aktor Per Egil Volledal seier på si side at han håpar at det ikkje kjem ein anke,

Andersen er sjukmeld etter ein skade, slik at han ikkje kunne møte i retten i dag.

LES OGSÅ: Aktor: Håper Andersen ikke anker

LES OGSÅ: – Dette er ikke en streng straff

Skuffa

Lærum seier ho tek dommen til etterretning, men at ho reknar med at Andersen er skuffa over at han vart dømd for eitt tilfelle av valdtekt.

Ho kallar dommen streng, fordi retten har funne Andersen skuldig i alle tiltalepunkta. Ho kallar dommen også grundig og velskriven.

Video Forsvareren: – En streng dom

VIDEO: Forsvarer Gunhild Lærum beskriver dommen som streng.

Ho konstaterer at det er ein del tvil om kvifor dommaren har valt å gi forvaring, og ho har også merka seg at dommen inneheld kritikk av politiet si etterforsking.

Lærum nemner også at retten har gått ut frå at at det ikkje er andre gjerningsmenn i desse sakene.

Bistandsadvokatane synest det er bra at retten har trudd dei fornærma gutane på det dei har fortalt, men hadde helst sett at ikkje erstatningssummane hadde blitt reduserte i forhold til kravet.

LES OGSÅ: Lommemannen dømt til forvaring

LES OGSÅ: Lommemann-tiltalte var syk

Forvaring

Gunhild Lærum brukte mykje tid under rettsforhandlingane på å argumentere mot at Erik Andersen skulle dømmast til forvaring.

Forsvaret gjekk også inn for at Andersen skulle frifinnast for fleire av postane om erstatning til dei fornærma, og det var også eit krav frå forsvararen at han skulle frifinnast for kravet om sakskostnader.

Forsvararen viser til at Erik Andersen har gått gjennom terapi i fengselet, og ho meiner at det hadde vore nok med ei tidsavgrensa straff.

Lærum har også merka seg at retten har sterkt redusert erstatningane, i forhold til kravet. Dei 66 gutane kravde til saman 7,5 millionar kroner, medan retten kom til at 2,5 millionar var ei passeleg erstatning.

LES OGSÅ: Dømmes til ni års forvaring

AKTUELT NÅ