- Det er noko med utstrålinga...

No er det Josef Fritzl som mottek haugevis med fanbrev etter det kom fram at han hadde halde dotter si i fangenskap i 24 år, og fått sju born med henne.

Josef Fritzl
Foto: POLICE HO / AFP

Kilde: NRK

- Det er noko med den utstrålinga skurkane har. Du kan kalla det Sopranos-effekten, seier psykolog og sexolog Tore Langfeldt.

Tilsette ved fengslet fortel at Josef Fritzl får haugevis med brev kvar dag, og ikkje alle er hatbrev.

Mange skriv at han er misforstått, og at han er god invendig, skriv avisa Daily Star.

Les saka i Daily Star

- Ikkje eit ukjent fenomen

Kjell Alrich Schumann

Kjell Alrich Schumann

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Det er eit kjent fenomen at ein del menneske let seg fascinera så sterkt av kriminelle, blir forelska og tek kontakt.

Kristine Aukland fann kjærleiken i Kjell Alrich Schumann, som sit i fengsel for å ha delteke i Nokas-ranet og ha drepe politimannen Arne Sigve Klungland i 2006. Aukland satt i fengsel då ho følgde rettssaka.

- Kjell er ein kjempebra person, og eg giftar meg med han fordi eg følgjer hjartet mitt, seier Aukland.

- Seksualiteten er viktig

Langfeldt kan fortelja om fleire innsette som har motteke fanbrev, og det er ikkje kven som helst. Ofte er det personar med lange straffer som vert eksponerte i media og som alle veit kven er.

- Dei eg kjenner er personar som har gjort alvorlege valdshandllingar, men som har eit glimt i auget. Seksualitet er dessutan ein viktig del av lidenskapen, og det seksuelle er heilt klart med i dei fleste av tilfella, seier han.

- Morskjensle

Forskaren meiner det er fleire årsaker til at kriminelle blir beundra.

- Det er ikkje sjølve handlinga dei har gjort, men dei har som oftast noko spesielt som tiltrekkjer, seier Langfeldt.

- Andre har ei slags morskjensle og kjenner ei trong til å hjelpa nokon som er komen i ein forferdeleg situasjon.

Hør saken i Ukeslutt på NRK P2 kl 12.30 her

Det er altså noko med utstrålinga til skurkane. Er du einig?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger