NRK Meny
Normal

- Demonstrantane var frustrerte og redde

– Eg trur ikkje demonstrasjonen i Sarpsborg går var eit utslag av misnøye. Dei gjorde det fordi dei er frustrerte og redde etter ei strevsam reise gjennom Europa, seier dagleg leiar i Østfold Røde Kors, Øyvind Bruflat.

Reportasje fra Dagsrevyen

VIDEO: Frustrasjon og sinne.

Bruflat fortel at Røde Kors, då dei høyrde om demonstrasjonen i går kveld, sende to bussar til Sarpsborg sentrum for å hente dei som deltok tilbake. Dei hadde med ein arabisk tolk, slik at dei fekk fortalt kva dei meinte, og snakka med Røde Kors, så kom humøret tilbake, seier han.

Øyvind Bruflat i Østfold Røde Kors.

– Asylsøkjarane er eigentleg ikkje så misnøgde, meir frustrerte og redde, seier dagleg leiar i Østfold Røde Kors, Øyvind Bruflat.

Foto: NRK

Bruflat synest ikkje det var ein god ide at asylsøkjarane sette i verk demonstrasjonen i går, men han trur det skjedde fordi dei var frustrerte over ein del småting.

– Frustrasjon og redsle

– Eg trur eigentleg ikkje dei ville klage, det var meir eit utslag av frustrasjon og redsle. Når dei no får eit ekstra brødmåltid, ei internettline og meir informasjon, så trur eg dette vil roe seg ned ganske fort, seier han.

Fleire politikarar har reagert sterkt på demonstrasjonen i går, blant dei justisminister Anders Anundsen (Frp) og hans statssekretær Jøran Kallmyr (Frp). Kallmyr sa i eit intervju med NRK i går kveld at asylsøkjarane står fritt til reise tilbake dit dei kom frå, om dei ikkje set pris på at fleire tusen nordmenn jobbar på spreng for at alle dei som kjem hit skal få mat og tak over hovudet.

Statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr (Frp)

Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) likar dårleg at asyøsøkjarane demonstrerer mot forholda.

Foto: NRK

Asylsøkjarar på mottaket i Sarpsborg, som deltok i demonstrasjonen i går kveld, seier til NRK i dag at dei er svært takknemlege overfor Noreg og den norske regjeringa for å ha teke mot dei. Det dei klagar på er småting, seier dei.

Regjeringen advarer asylsøkere på Facebook

– Ikkje legehjelp

Dei får ikkje mat mellom kveldsmaten klokka 1845 og frukost morgongen etter, og dei får ikkje legehjelp sjølv om dei er sjuke. Personar med tannverk har ikkje fått hjelp. I resepsjonen får dei te og vatn, men ikkje sukker.

– Dei vaksne kan greie seg utan mat i 13 timar, men kva gjer vi når borna vaknar om natta og er svoltne? I starten hadde vi litt igjen av dei pengane vi hadde med seg, då kunne vi gå og handle litt, kjøpe ting til borna. Men no har vi ikkje meir pengar igjen, seier ein av dei.

Han gjentek gong på gong at dei er svært takknemlege for at Noreg har teke mot dei, og at dei ofte snakkar om kor godt og fredeleg det er her. Men opplever å ha prøvd å snakke med sjefen på mottaket om manglane, utan at dei når fram.

Dagleiar ved mottaket i Sarpsborg skriv i ein epost til NRK at asylsøkjarane får måltid etter instruks frå Utlendingsdirektoratet.

Politiet savner asyl-informasjon

Grande ber om asylmøte med Russland

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger