Hopp til innhold

- Dei tilsette må ned i løn

Parat, som er det største forbundet innan luftfart i Noreg, meiner SAS-tilsette må gje frå seg opparbeidde rettar.

Video nsps_upload_2009_8_13_19_17_51_2216.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Meldinga kjem etter at den konkurrerande arbeidstakarorganisasjonen Norsk kabinforeining har sagt at det ikkje er aktuelt å gå ned i løn.

Les også: - Stort lønnskutt er urealistisk

I går vart det klart at SAS-gruppa har tapt ein milliard kroner i andre kvartal og at selskapet må kutte kostnadene kraftig. Inntil 1500 arbeidsplassar kan verte overflødige.

Forhandlingssjef Turid Svendsen i Parat meiner SAS-tilsette i lufta må gje frå seg opparbeidde rettar for å berge selskapet.

- Dersom valet står mellom å halde på arbeidsplassar og å redusere opparbeidde goder, så har vi sagt ja til det siste. I den ekstreme situasjonen som SAS no er i, må ein også vere viljug til det, seier ho.

Ekstremsituasjon

Parat organiserer rundt 1800 tilsette i den norske delen av SAS-konsernet. Det er ikkje kvardagskost at ei fagforeining ber medlemmene om å gje slepp på opparbeidde rettar.

- Det er høgst uvanleg, seier forhandlingssjef Turid Svendsen.

Konsernsjef Mats Jansson i SAS krev at dei tilsette må gå med på eit lønskutt på mellom 10 og 20 prosent.

- Dette er ei konkurranseutsett verd der det handlar om å overleve, seier han.

Video nsps_upload_2009_8_13_19_2_14_2208.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: SAS vil legge om strukturen og fly direkte Oslo-New York.

Støttar ikkje SAS-leiinga

Leiaren John Lyng i Norsk kabinforeining, går ikkje med på denne løysinga.

- Det vert ingen lønsreduksjon for norske kabintilsette. Det kan eg seie no, seier Lyng.

Sjølv om konkurrenten Parat tilrår lønskutt, går foreininga ikkje med på å kutte lønene med så mykje som 20 prosent, slik leiinga krev. Løn er berre ein av fleire fordelar dei tilsette bør gje slepp på, seier forhandlingssjef Turid Svendsen. Ho meiner at også konsernleiinga sjølv har ein jobb å gjere for å unngå konkurs.

- Vi meiner ein også må sjå på pensjons- og forsikringsordningane ein har i selskapet for å finne ut om ein kan spare kostnader på den måten også, seier ho.

AKTUELT NÅ