NRK Meny
Normal

- Dei står fritt til å reise tilbake

– Det er fleire tusen menneske som jobbar døgnet rundt for å gi asylsøkjarar mat og husly. Då synest eg lite om at ein del er misnøgde med tilbodet dei får, seier statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr (Frp).

Innslag frå Kveldsnytt

VIDEO: Kallmyr reagerer på demonstrasjon

Han seier dette etter at ei gruppe asylsøkjarar i Sarpsborg laurdag demonstrerte mot det dei meiner er elendige forhold ved akuttmottaket dei bur på . Det var meininga at dei berre skulle vere på mottaket nokre dagar, men no har dei alt vore der i fleire veker.

Dei klagar på at dei ikkje får lommepengar, at dei får dårleg legehjelp og for lite mat.

Facebook-aksjon

Protesterer mot mottak

Demonstrantane i Sarpsborg bar plakatar der dei bad om å bli berga frå mottaket dei bur på.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Alle får ein startpakke når dei kjem til Noreg, men slik situasjonen er no er vi nøydde til å gå ned på standarden. Vi skal gi mat og husly til alle dei som kjem, og då må også asylsøkjarane vere med og ta ansvar, slik at andre som kjem også skal få ein stad å bu, seier Kallmyr til NRK.

Han fortel at regjeringa no går ut på Facebook og fortel at standarden har vorte lågare for asylsøkjarar her i landet. Han seier det viktigaste no er å få ned talet på menneske som kjem til Noreg for å søkje asyl, fordi mottakskapasiteten er fullstendig sprengt.

– Mange trur at dei kjem til gull og grøne skogar når dei kjem hit til landet, men slik er det ikkje, seier han.

På spørsmål om det er ei grense for kor låg standard Noreg kan tillate seg, seier Kallmyr dette.

– Dei lir inga naud

– Dei får mat tre gonger om dagen frå eit cateringfirma, så dei lir inga naud. Vi skal hugse at dette er personar som kjem frå eit krigsherja område, og ein skulle tru at det var betre å vere her og få mat tre gonger om dagen enn å vere i krigen. Men dei står fritt til å reise tilbake når dei vil.

Kallmyr seier det ikkje er aktuelt å gi lommepengar til dei som er på akuttmottak, det får dei ikkje før dei kjem til eit transittmottak.

Han synest også det er urimeleg at demonstrantane klagar over manglande Internett.

Kampanjen som regjeringa i har starta på sosiale medium har først og fremst som mål å skremme menneske utan behov for vern frå å søkje asyl i Noreg.

Politiet savner asyl-informasjon

Vil ikkje ta samlingsstaden frå bygda

– GIr korrekt informasjon

– Vi veit asylsøkjarar hentar informasjon på sosiale medium og at det går mange rykte der. Då er det viktig at vi er på dei same kanalane og gir korrekt informasjon, seier han.

Facebook-sida «Stricter asylum regulations in Norway» ((Strengare asylrestriksjonar i Noreg) vart etablert fredag kveld, etter at justisminister Anders Anundsen (Frp) hadde orientert Stortinget tidlegare på dagen.

Fylkesmannen er uroa: – Vi får ingen informasjon frå UDI

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger