Hopp til innhold

- Dei skulle ikkje hatt pensjon

Riksrevisor Jørgen Kosmo seier at dei seks som har fått fleire millionar kroner i pensjon som dei ikkje har hatt krav på, i utgangspunktet ikkje skulle hatt pensjon.

Jørgen Kosmo

Jørgen Kosmo på RedaksjonEN i kveld.

Foto: NRK

Kosmo sa i Redaksjon EN på NRK1 i kveld at pensjonsordninga kom i stand fordi stortingspolitikarar som, av ulike årsaker, måtte slutte på Stortinget, skulle ha ein basisgaranti for at dei skulle kunne leve.

- Fyller ikkje krava

- Det står også i reglane at dersom ein har fast arbeid, sjølv om det faste arbeidet gir ei lønn som er mindre enn stortingspensjonen, så skal du ikkje ha pensjon.

Trygve Hegnar

Trygve Hegnar

Foto: NRK

Redaktør i Kapital og Finansavisen, Trygve Hegnar var nådelaus i RedaksjonEN i kveld, der dei gullkanta pensjonsavtalane til stortingspolitikarane vart debattert.

Overrasket over reaksjonene

- Dei har juksa. Dette er pensjonsgriseri, seier han.

1,3 millionar for mykje

I dag la Riksrevisjonen fram rapporten som avslører at seks tidlegare stortingspolitikarar fekk utbetalt nær seks millionar kroner for mykje i pensjon.

Ein tidlegare stortingsrepresentant har ifølgje rapporten til Riksrevisjonen motteke over to millionar kroner i stortingspensjon vedkomande ikkje hadde krav på. Desse utbetalingane fann stad mellom februar 2001 og januar 2007.

I tillegg skal ein annan stortingsrepresentant ha fått utbetalt 1,3 millionar for mykje i pensjon frå januar 2002 til 2005.

RedaksjonEN

Panelet i RedaksjonEN: Trygve Hegnar, Ågot Valle, programleiar Viggo Johansen, Jørgen Kosmo, carl I. Hagen og Harald Stanghelle.

Foto: NRK

Trygve Hegnar var opprørt på vegne av folk flest som opplever å bli straffa når dei gjer ein feil knytta til løn ovanfor det offentleg. Han nektar å vere med på at stortingspolitikarar får lov å kome unna med at dei mellom anna ikkje forstod reglane. Dette er juks, sa Trygve Hegnar.

Bondevik betalte tilbake i 2006

Riksrevisor Jørgen Kosmo slo fast at reglane ikkje er til å misforstå. Dette er ei meget alvorleg sak, sa han i debatten hos Viggo Johansen i kveld.

- Aldri til politiet

Kveldens tema engasjerte også sjåarane. Redaksjonen mottok mange e-postar med krav om at stortingspolitikarar ikkje skal handsamast betre enn folk flest.

Stortingsrepresentant Ågot Valle frå SV slo fast at stortingspolitikarane dette gjeld ikkje må kome unna med at dei ikkje forstod reglane.

- Avskaff pensjonsordningene

Carl I. Hagen presiserte at det skal vere likskap for lova, men ein må vere varsam med å dømme dei dette gjeld før ein veit heilt sikkert om alle sider i denne saka er lagt fram.

Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle kalla Stortinget si handtering av rapporten frå Riksrevisjonen for amatørmessig handsaming.

Både Carl I. Hagen og Ågot Valle slo fast at sakene må meldast til politiet dersom det viser seg at dette er så alvorleg at norsk lov er broten.

Trygve Hegnar var derimot krystallklar

- Dette kjem aldri til politiet, sa han.

Kva meiner du om saka?

AKTUELT NÅ