Hopp til innhold

-Har handsama skattesaka dårleg

Omdømmeekspert Christian Sinding meiner det er bra for Hydro at Cecilie Ditlev-Simonsen har fått permisjon frå stillinga si som kommunikasjonsdirektør i Hydro.

Cecilie Ditlev-simonsen

Cecilie Ditelv-Simonsen tar permisjon frå jobben som kommunikasjonsdirektør i Hydro.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Ho har handsama både opsjonsbråket og skattesaka på ein dårleg måte, meiner merkevareekspert Christian Sinding i Brand Consulting.

Les også: Kritiserer regjeringa si handsaming

Cecilie Ditlev-Simonsen innrømma i dag å ha unndrege ei arv på 750.000 kroner frå skatt i 1991.

Ho opplyste samstundes at ho tar permisjon frå jobben som kommunikasjonsdirektør i Hydro, der  ho mellom anna har ansvar for merkevarebyggjing. 

- Utsett for nok skyts

Sinding meiner Ditlev-Simonsen burde gått til Hydro med skattesaka for lenge sidan, og deretter gått ut i full offentlegheit, slik at ho sjølv hadde kome på bana.

- Hydro har vore utsett for nok skyts, og treng ikkje meir dårleg PR. Cecilie Ditlev-Simonsen var ein del av opsjonsgruppa, og svarte på kritikken med ingen kommentar, seier han.

- Eit par veker seinare kjem denne skattesaka opp, som ho har visst om lenge. Og ho svarar på same måte, kritserer Sinding.

Skeptisk til omdømmebyggjing

Sinding er skeptisk til om Hydro kan leve med å ha Ditlev-Simonsen i leiinga si.

Han er også skeptisk til at ho skal vere med å byggje opp Hydro sitt omdømme.

Det ville eg synest var veldig underleg. I så fall har leiinga i Hydro eit heilt anna syn enn mange andre på kva ein fagleg dyktig kommunikasjonsdirektør bør stå for.

Christian Sinding

-Dyktig medarbeidar

Cecilie Ditlev-Simonsen har søkt og fått innvilga velferdspermisjon frå stillinga si som kommunikasjonsdirektør i Hydro.

Personaldirektør i Hydro, Anne Harris, tykkjer det er beklageleg situasjon kollegaen hennar er komen opp i.

- Cecilie er ein svært dyktig medarbeidar og vi er leie oss for den situasjonen ho er komen opp i. Vi er sjølvsagt opptekne av at alle våre tilsette har orden i sine forhold til styresmaktene og tar difor til etterretning at Cecilie i dag har tatt kontakt med skattestyresmaktene for å ordne opp i saka, seier Harris.

Pengar i sveitsisk bank

Cecilie Ditlev-Simonsen er dotter av Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen, som har hatt pengar på ein konto i Sveits utan å informere norske styresmakter om dette.

Per Ditlev-Simonsen

Ordførar i Oslo, Per Ditlev-Simonsen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Les også: Ordførar i naud  

Også ordføraren sin son, Sverre Ditlev-Simonsen innrømmer å ha unndrege 750.000 kroner frå skatt.

Pengane var arv frå mora som døydde i 1990.

- Pengane kom så vidt eg veit frå hennar far og sto på ein konto i ein sveitsisk bank. Beløpet vart sett inn på ein konto oppretta i same bank i mitt namn, uttalar Cecilie Ditlev-Simonsen i ei pressemelding.

Orsakar sterkt

Beløpet vart ikkje innrapportert til norske skattestyresmakter slik det burde ha vore. Ditlev-Simonsen orsakar dette sterkt.

Både Cecilie Ditlev-Simonsen og broren orsakar dette, og dei aktar å gå i dialog med styresmaktene for å rydde opp i forholdet.

Sverre Ditlev-Simonsen

Sverre Ditlev-Simonsen

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Situasjonen som har oppstått dei siste dagane, og den merksemda som er rundt saka, er ei betydeleg belasting for mine næraste og meg, seier Cecilie Ditlev-Simonsen.

Pengane er oppbrukte

Ho opplyser at alle pengane er blitt brukte i utlandet eller tatt heim under hennar første ekteskap på midten av 1990-talet.

- Eg hadde ingen midlar i banken ved inngåelsen av mitt andre ekteskap, i februar 2002, seier ho. Ho uttalar også at ho i dag ikkje har midlar utanfor Noreg.

Broren seier også at pengane er brukt opp og at han i dag ikkje har midlar utanfor Noreg som ikkje er oppgjevne til norske skattestyresmakter.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger