Hopp til innhold

Forventar bruduljar kring ny flybasestruktur

Den varsla strukturendringa i Luftforsvaret kan tyde spikeren i kista for fleire av dagens flybasar. Forsvarsministeren nektar å la lokal motstand eller historisk arv koma i vegen for moderniseringa.

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap)

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) signaliserer ei modernisering av basestrukturen i Luftforsvaret. Konsekvensane av ei slik omlegging vil ho ikkje kommentera.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

– Lokalisering er eit vanskeleg spørsmål. Eg ventar meg ein levande debatt om kva som er ein moderne og god struktur for Luftforsvaret i framtida, seier forsvarsminister Grete Faremo (Ap).

Endring og fornying var nemleg sentrale ord då forsvarsministeren i går heldt sin årlege tale til Oslo Militære Samfund.

I samband med utskifting av dagens kampflyflåte til amerikanskbygde F-35, skal også flybasestrukturen i Noreg verta endra, opplyser Faremo.

– Dagens basestruktur er både dyr og ineffektiv. Me skal få ein moderne basestruktur for luftforsvaret vårt, seier Faremo i Politisk Kvarter i P2.

– Upraktisk og dyr ordning

Innfasinga av dei nye jagarflya startar tidlegast i 2018, men eit meir detaljert forslag til pris og tidsplan for kampflyprosjektet skal leggjast fram for Stortinget i løpet av 2011. I samband med utskiftinga, har Faremo bede forsvarssjefen gå heile basestrukturen i saumane.

– Innføringa av nye kampfly er eit naturleg utgangspunkt for å evaluera og modernisera heile Luftforsvarets basestruktur, seier Faremo.

Luftforsvaret er i dag lokalisert på åtte fly- og luftforsvarsstasjonar, to skular og tre helikopteravdelingar. Totalt har Luftforsvaret 13 stader med styrkeproduksjon eller operativ verksemd.

– Dette er først og framst eit resultat av historisk arv og reflekterer ikkje Luftforsvaret sine behov i dag. Basestrukturen er dessutan uforholdsmessig dyr i drift, seier Faremo.

Andøy flystasjon 50 år

Andøya flystasjon i Nordland er ein av dei plassane der Luftforsvaret i dag har si verksemd. Kva for nokre basar som vil overleva dei varsla strukturendringane er uvisst.

Foto: Yngve Johannesen

Forventar debatt

Ei modernisering av basekampen vil truleg tyde at mange av flybasane rundt om i landet må leggja ned. Men plasseringa av dei nye basane og kva for nokre basar som no står i fare for å få kroken på døra, ønskjer ikkje Faremo å gå inn på.

Ho er klar over at mange ser Forsvaret som ein del av norsk distriktspolitikk, og at ei eventuell nedlegging av basar kan skapa bruduljar.

Klarar du å stå i mot det lokale presset som vil oppstå når regjeringa byrjar å leggja ned flybasar?

– Eg ønskjer meg eit moderne forsvar med god bruk av kvar einaste forsvarskrone. Då kan eg ikkje la dei strore strukturspørsmåla liggja, svarar Faremo.

Uavklarte kampflybasar

Regjeringen har ikkje handsama lokaliseringa av dei nye kampflya.

Sidan hausten 2009 har Forsvarsdepartementet hatt tre alternativ inne til vurdering: Bodø, Evenes og Ørland og kombinasjonar av desse.

F-35 Joint Strike Fighter

Det amerikanskproduserte kampflyet F-35 Joint Strike Fighter skal erstatta dagens F-16 flåte.

Foto: Lockheed Martin

AKTUELT NÅ