Hopp til innhold

- Ap-folk må kjempe i kyrkja

Arbeiderpartiet sine kyrkjemedlemmer må kjempe for homofile sin rett til å gifte seg i kyrkja, meiner Trond Giske.

Kulturminister Trond Giske
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Kyrkjeminister Trond Giske kommenterer no kyrkjestriden som har rast for fullt i media den siste veka. Etter at eit mannleg par inngjekk partnarskap i våpenhuset i Kampen kirke i Oslo, har bølgjene gått høgt.

Oslo-biskop Ole Christian Kvarme prøvde å stoppe seremonien ettersom kyrkja har eit regelverk som forbyr kyrkjelege handlingar som liknar på vigslar for homofile par.

Gard Nielsen og Lasse Sandaker.

Gard Realf Nilsen og Lasse Sandaker inngjekk partnarskap i våpenhuset i Kampen kirke i Oslo fredag

Foto: Frode Wik / NRK

Justisminister Knut Storberget meinte biskopen skapte grunnlag for hatvold mot homofile. Og kyrkja kritiserte Storberget for å blande seg i indre-kyrkjelege spørsmål.

Vil ikkje presse

No prøver Aps kyrkjeminister Trond Giske å roe dei som fryktar at Regjeringa prøvar å presse gjennom homoliberale reformar i Den norske kyrkja.

- Regjeringa har sagt heilt tydeleg at det som skjer i trussamfunna er opp til dei. Ein liturgi for vigslar for homofile er det Kyrkjemøtet som rår over. Det er ingen som har planar om å ta retten til å bestemme kyrkjelege liturgiar frå kyrkja.

Vil ha politisk engasjement

Samstundes er Giske tydeleg på at han ønskjer at politikarar engasjerer seg innanfor kyrkja i dette spørsmålet.

- Vil du jobbe for at kyrkja skal få vigselsritual for homofile par?

- Som kyrkjeminister meiner eg at det skal kyrkja sjølv avgjere, difor skal eg vere forsiktig med å kaste meg inn i den debatten. Men at andre politikarar engasjerer seg synest eg er legitimt og bra.

- Bør Arbeidarpartiet jobbe for det?

- Det må landsmøtet vedta. Dei fleste medlemmane i Ap er medlemmar i Den norske kyrkja, og sånn sett har vi også der høve til å engasjere oss i kyrkjeval og vedtaks-systema. Det håpar eg mange vil gjere når vi no får ei demokratireform i kyrkja.

AKTUELT NÅ