Hopp til innhold

- Altlfor dårleg av kommunane

– Det er altfor dårleg at kommunane ikkje følgjer opp overlevande og pårørande etter 22. juli, seier leiar for helsekomiteen på Stortinget, Bent Høie frå Høgre.

Bent Høie

Bent Høie (H) er leiar for helsekomiteen på Stortinget.

Foto: NRK

Det har gått sju månader sidan 22. juli, men enno er det mykje som sviktar, Blant dei som overlevde massakren på Utøya 22. juli, og dei som hadde sine ungdomar på øya, er det mange som ikkje har fått hjelp av psykolog eller fått oppgitt ein kontaktperson i heimekommunen.

– Ikkje haldbart

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen forsikrar at regjeringa tek dette problemet på høgste alvor.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Bent Høie meiner dette ikkje er haldbart, fordi både dei overlevande og dei pårørande har behov for hjelp.

– Mange oppdagar ikkje at dei har behov for hjelp før etter ei stund. Kommunane må følgje opp og gi eit tilbod til begge desse gruppene, seier Høie. Han er overraska over at ikkje alle har fått den hjelpa dei har krav på, sidan det har vore så stor merksemd rundt denne saka.

– Det å nå ut til dei som treng hjelp, det er det som har svikta, seier styremedlem i den nasjonale støttegruppa, Christin Bjelland.

– Tek det på alvor

Helseminister Grethe Strøm- Erichsen forsikrar at regjeringa tek dette spørsmålet på høgste alvor.

– Dette er ei oppgåve kommunane har fått og som dei har fått pengar til. Det er svært viktig at dei følgjer opp desse menneska på ein god måte, seier ho. Ho trur at behovet for hjelp vil variere over tid, men at det er særs viktig å følgje opp alle i denne gruppa.

Helsedirektoratet skal no sende ut ei ny undersøking til kommunane, og resultatet vil vere klart før rettssaka startar etter terroraksjonane 22. juli startar i april.

AKTUELT NÅ