Fiorenza Sarzanin, journalist i den italienske avisa Corriere della Sera, seier i eit intervju med NTB at avisa sine kjelder i den italienske etterretningsorganisasjonen SISMI er sikre på at terrorgruppa marokkansk islamsk kampgruppe GICM (Groupe Islamique Combattant Marocain) er aktiv også i Noreg.
GICM skal ha celler i dei to norditalienske regionane Piemonte, Lombardia og Veneto.
Internasjonal
Etter det Corriere della Sera kjenner til har etterforskinga av GICM vist at organisasjonen har sterke band på tvers av landegrensene, også til Noreg. Det er også band til Frankrike, Bosnia, Marokko, Sverige og Storbritannia.
Brynjar Lia er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt. (Scanpix-foto)
PST, Politiet si tryggingsteneste, stadfestar at dei har konkrete grupper under oppsyn, men dei vil ikkje seie noko kven dette er.
- Vi kan ikkje kommentere denne påstanden konkret. Det seier seg nesten sjølv, seier informasjonsrådgjevar Martin Bernsen i PST til NTB.
Casablanca
Brynjar Lia ved Forsvarets forskingsinstitutt kan korkje stadfeste eller avkrefte at GICM er aktiv i Noreg. Han viser likevel til at ein dans-marokkanar vart knytt til terroraksjonen i Casablanca i mai 2003, der 45 menneske vart drepne.
Han kjenner til at organisasjonen er aktiv i heile Europa, også i Skandinavia. Gruppa vart danna i Europa i 1993, og etablerte seg i Marokko året etter.
Mohamed Darif, professor i statsviktskap ved Hassan II Universitetet i Mohamedia i Marokko, skriv i ein analys for spanske Real Instituto Elcano, eit institutt for internasjonale og strategiske studiar, at gruppa er organisert rundt uavhengige celler.
Kvar celle blir styrt av ein emir, og dei menige medlemene er ikkje ein gong klar over at dei er med i ein mykje større organisasjon.
Det lågaste nivået skaffar pengar og falske identitetspapir. Nivå nummer to rekrutterer og indoktrinerer medlemene. Leiinga består av to til tre personar.
Osama bin Laden
Mange av medlemene skal ha blitt lært opp i Osama bin Laden sine treningsleiar i Afghanistan på 1990-talet. Fleire medlemer skal også ha krigserfaring frå Tsjetsjenia og Bosnia.
Marokkanarar knytte til CICM var tungt involverte i Madrid-bombene i mars 2004. Sjølve aksjonen vart planlagd i ein garasje som vart brukt som møtestad og bønnerom, og deltakarane kom frå miljøet rundt M-30-moskeen i Madrid.
Aksjonen vart truleg leidd av ein egyptar og ein tunisiar, men fotfolket var i hovudsak marokkanarar, seier Brynjar Lia. (NRK-NTB-Corriera della Sera)