Ynskjer ny sakshandsaming på Evenes

Frå talarstolen på Stortinget i dag kritiserte Liv Signe Navarsete (Sp) forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) for å ha fått for lite informasjon om mogleg farleg bygging av hangarar ved lufthamna på Evenes. Ho bad om at komiteen får behandle saka på nytt før Stortinget fattar vedtak, slik at all informasjon er tilgjengeleg. Audun Lysbakken (SV) melde at han kom til å stille seg bak forslaget. Det er enno ikkje avgjort om saka vert behandla på nytt.