Hopp til innhold

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år: – Fantastisk, seier ekspertane

Bak kvar luke ventar ei hyggeleg stund for familien på fire.

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år

TID: Viola på tre år får tid og merksemd som gåver i adventskalenderen denne jula. Ekspertane rosar den alternative løysinga.

Foto: privat

Lage snølykt, bake peparkaker. Gå ein tur ut og sjå på julelysa i nabolaget.

Lage gåvelappar og julepynt saman.

Aktivitetar som ikkje kostar mykje og er lette å gjennomføre. Som ikkje blir til søppel, og som kan vere snillare med klimaet.

Alternative adventskalendrar er i vinden.

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år

AKTIVITETAR: Kvar luke til Viola (3) og Jonar (1) inneheld ein aktivitet fram til julaftan.

Foto: Privat

– Vi håpar og trur at det skal bli gøy å opne ein lapp kvar dag og vite at når vi kjem heim frå barnehagen så skal vi gjere noko hyggeleg saman, seier Iselin Løvhøiden til NRK.

Fysioterapeuten bur saman med sambuar og barna Viola (3) og Jonar (1). I år blir adventskalenderen annleis.

– I fjor fekk Viola ein pakkekalender med brukte gåver. Eit dokkehus og innhald til huset kvar dag. I år blir det hyggelege aktivitetar som vi kan gjere saman i kvar luke.

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år

LAGE SJØLV: På lappen denne dagen står det: Kjøpe/lage ei julegåve til nokon som ikkje har så mykje.

Foto: Privat

Enorme summar i desember

Gjennom Instagram-kontoen klima_familien deler familien tips til blant anna gjenbruk og å minske matsvinn. Der har dei også gjort aktivitetskalenderen tilgjengeleg for alle som vil bruke han.

– Eg trur kalenderen kan vere nyttig for fleire enn oss.

Virke trur gjennomsnittsforbrukaren vil handle for i overkant av 12.000 kroner denne jula. Samtidig ønsker fire av ti å bruke meir av denne type kalendrar i tida som kjem.

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år

BAKING: Blant aktivitetane er baking, besøksgard og å kle seg ut.

Foto: Privat

Løvhøiden trur vi som samfunn er på veg tilbake til ei tid der ein set pris på å gjere ting saman med familie.

Og at dei alternative kalendrane får meir fokus, er til glede for klimaekspertane.

Håpar trenden er komen for å bli

– Eg synest det er fantastisk. Vi brukar alt for mange ressursar i adventskalendrar og eg synest det er viktig at vi tar ned forbruket og heller tenker på ting som ikkje krev så mange ressursar og som heller gir oss tid saman.

Grete Kaare Hovelsrud
Foto: Nordlandsforskning

Det seier professor ved Nord universitet, Grete Kaare Hovelsrud.

– Har det noko reell effekt i eit klimaperspektiv?

– Ja, viss mange nok sluttar å kjøpe mange ting. Veldig mykje av klimautsleppa kjem frå forbruk, så viss mange nok gjer ein julekalender som det slik, vil ein ha eit redusert forbruk som igjen har påverknad på klimautslepp.

– I det små er det eit signal om at vi tenker litt annleis. Og det er det kanskje mange som søker.

Les også Anna (22) ga bort en julekalender med ting hun ikke har bruk for:– Håper det kan inspirere

Anna Kristine Longva Jørgensen

Ho trur det ligg ein symbolsk verdi i at fleire inspirerer kvarandre.

– Eg håpar det er ein trend som kan sette seg. Eg synest eg ser signal på at folk er meir interessert i å gi vekk tid, for vi har jo ikkje nok tid i kvardagen. Det er meir akseptert enn det var tidlegare, at tid er noko ein kan gi vekk.

– Vi set enormt pris på å få ein annan si tid.

Ungar vil helst ha tid med foreldra

Tid og merksemd frå foreldra er faktisk det ungane ønsker seg mest, ifølge Linda Tofteng Eliassen. Ho er forbrukarøkonom i Sparebank1 Nord-Norge.

– Det er midt i blinken og vi bør kanskje gjere det oftare. Når ein spør ungar kva dei ønsker seg mest av foreldra, så er det faktisk foreldra si tid og merksemd.

Linda Tofteng Eliassen
Foto: Marius Fiskum

Eliassen er, som mange andre, spent på korleis dei siste renteaukane kjem til å slå ut på hennar økonomi. Den økonomiske situasjonen er ubehageleg, fortel ho.

– Eg har allereie begynt å overføre meir pengar til det faste trekket til budsjettkontoen, fordi eg har auka utgifter utan at løna mi har auka i haust. Då må forbruket ned.

Å dele idear kan vere ei god løysing for mange, meiner Eliassen. Sjølv om dei kan høyrest fine ut, krev dei også endring av åtferd og vanar.

– Og det er ingen «quickfix». Så viss vi no saman deler idear og klappar for dei som har kome på gode idear, så er eg heilt sikker på at det hjelper mange av oss å gjere det same. Og at det blir mindre stigmatiserande å gjere ting for å redusere det vi kjøper.

Les også Allergibombe fyller butikkhyllene før jul: – Som å bli utsatt for et gassangrep

Lillian Jakobsen

– Blir ungar i dag fornøgd med å få kalender i aktivitetsform og ikkje gjenstandar og ting?

– Det trur eg. Så kjem det nok an på kor godt vande dei er, og om vi faktisk legg litt kjærleik i det. For vi veit ein del om kva folk eigentleg set pris på med jula.

– Men så er vi litt fanga i alt vi gjer. Og det går bra om du har økonomi til det, men om ein skal ta det litt med ro så er det mange fine signal som vi heller kan ta omsyn til.

I tillegg er det nokre tusenlappar å spare frå desemberløna til januar.

Trur færre gåver i desember kan gi meir spesiell julaftan

Julehandelen auka under pandemien. I år er det venta ein julehandel som liknar meir på 2019. Det vil seie ein nedgang for dei fleste bransjane.

Familien på Lillestrøm er vande til å handle brukt og kjøper få produkt i plast. Ungane er vande til å få brukte klede og leiketøy.

Viola (3) og Jonas (1) får aktivitetskalender i år

MUSIKK: Å høyre på musikk eller låne bøker på biblioteket er både gratis og snilt med klima.

Foto: Privat

Dei forsøker å leve klimavenleg.

– Ein treåring bryr seg ikkje om ei gåve er brukt eller ny. Det viktige er at det er ei gåve ein synest er morosam å få, seier Iselin Løvhøiden.

Aktivitetskalenderen kan også bidra til at 24. desember blir ekstra spesiell for dei små, meiner ho.

– Viss ein får veldig mange gåver i løpet av desember, blir kanskje ikkje julaftan så spesiell. Ein gler seg litt mindre i alle fall.

Les også Test deg selv: Er du en ekte «julekakemester»?

­