Vil senke skulefråvær i Nord-Noreg

Då Nordnorsk Råd møttest i Narvik denne veka var mellom anna skulefråvær tema. Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) skal gjennomføre eit forskingsprosjekt i dei tre nordlegaste fylka.

– Målet er å få ned fråværet, seier fylkesråd for utdanning i Nordland, Hild-Marit Olsen.