Hopp til innhold

- Vi er ikkje interessert

Bodø Sightseeing ber drosjene overta all pasienttransport, men drosjeeigarane i Meløy er ikkje interessert.

Drosje foran Nordlandssykehuset

Bodø Sightseeing ynskjer at drosjene skal overta all pasienttransport i Salten.

Foto: NRK / NRK

Bodø Sightseeing ynskjer at drosjene skal overta all pasienttransport i Salten.

Det kom fram på eit møte mellom Bodø Sightseeing og Nordland taxi. Mykje tyder på at drosjeeigarane vil takke nei til tilbodet.

Drosjesjåfør Grethe Andersen på Ågskaret avviser at det er gått prestisje i saka.

Må ha mat på bordet

- For meg er det akkurat det same kven eg køyrer for. Men eg må ha såpass betalt at eg har mat på bordet etterpå, seier Andersen.

Det var to tidlegare konkurrentar om anbodet som denne veka hadde eit uformelt møte. Der vart Nordland Taxi bedt om å overta pasienttransporten, men med Bodø Sightseeing som oppdragsgjevar og ikkje Helse Nord.

Konstituert administrerande direktør i Nordland Taxi, Tony Gudvangen, stadfestar at det har vore eit møte.

- Det har vore eit uformellt møte om eit samarbeid på utføring av sjuketransport i alle område der Bodø Sightseeing har avtale, seier han.

Det var ikkje mogleg å få kontakt med leiaren i selskapet, Svein Spørch, i går kveld. Sidan han overtok pasienttransporten for nokre månadar sidan har det vore mykje uro og kritikk frå pasientar. Og det er ikkje fyrste gong Spørch ber drosjesjåførar om å køyre for han.

Dårleg stemning

- Det har han etterspurt heile tida, og då har me vore negative. Det går ikkje an å drive på dei premissane han legg opp til, seier drosjesjåfør Grethe Andersen.

Det er dei som i vinter tapte anbodet og store delar av sitt intektsgrunnlag som no vert bedt om å hjelpe til med pasientkøyringa.

- Ikkje aktuelt, i følgje Andersen, og ho seier dette om stemninga i blant drosjesjåførane.

- Den er ganske resignert. Det er lite eller inga køyring. Eg trur me har køyrt tre turar den siste månaden på Ågskaret, fortel Andersen.