Hopp til innhold

Vil ha slutt på ulovleg køyring i turistperle

Gildeskål kommune vil ha slutt på ulovleg køyring ned til strandperla Langsanden.

No ber kommunen staten om hjelp, skriv Avisa Nordland.

I ein e-post til Miljødirektoratet datert 3. juni skriv Gildeskål kommune at dei vil få bukt med den ulovlege køyringa ned til Langsanden.

Verksemdleiar for plan og byggesak i kommunen, Iren Førde, påpeikar i e-posten til direktoratet at Gildeskål kommune har lagt til rette for ein stor parkeringsplass og servicebygg med toalett og dusj.

Det stoppar likevel ikkje folk i å køyre ned på stranda.

Derfor spør ho Statens naturoppsyn om dei kan gi bøter til syndarane.

Grunneigar Einar Thomesen gjekk og ut og sa seg luta lei i slutten av mai. Mykje på grunn av raudlista planteartar som kan lide av strandkøyringa.

– Det er raudlista planteartar på stranda som tar årevis å få opp igjen viss dei blir drepne. Eg er veldig for at folk ferdast der og brukar stranda, men ikkje køyr bil der, oppfordra han vidare.

Langsanden i Gildeskål
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK