Hopp til innhold

Vil ha fri pris på fisk

Fiskeindustrien meinar torskekrisa må føre til ei meir marknadsstyrt prissetting på fisk.

Lofotfisket. Fra havna i Røst

FHL vil endre Råfisklova og Deltakarlova. Fiskarlaget meinar dei prøver å utnytte krisa i fiskeindustrien.

Foto: Kjell-Ivar Hansen

Fiskeri- og Havbruksnæringens landsforeining, FHL, meinar torskekrisa må føre til at Råfisklova, som regulerer prisane på fisk, må tilpassast marknaden.

- Berre med fleksibel prisdanning, vil næringa klare å omstille seg, seier direktør for næringsutvikling i FHL, Geir Ove Ystmark.

Vil endre lova

- Råfisklova har mange positive sider. Den gir ein rydddig marknadssplass med sluttsedlar og gode kontroll-system. Det trur eg fiskarane vil beholde, men eit system der du vedtek ein minstepris og latar som du ikkje har ein verdsmarknad, det trur eg me vil få ein sterk diskusjon om framover, seier Ystmark.

FHL ønskjer også å endre Deltakarlova, som hindrar at fiskeindustrien kan kjøpe seg inn i fiskeflåta. Både Deltakarlova og Råfisklova er urørleg for fiskarane, og forslag om å endre lovene vert alltid slått ned på av fiskarane. Dei meinar lovene sikrar fiskarane inntekter og rettar.


På generalforsamlinga til FHL i Bodø, var både fiskarar og produsentar einige om at reglane som styrer næringa., må endrast, men då leiaren i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, fekk høyre om forslaga til Ystmark, forsvann samarbeidsvilja som dugg for sola.

- Den krisa me opplev no har ingenting med Råfisklova og Deltakarlova å gjere. Eg vil drista meg til å seie at når det gjeld Råfisklova og minstepris så har FHL på mange måtar sett oss i den siuasjonen me er i dag. I løpet av to år har dei betalt ein og ein halv milliard i overpris over minsteprisen sett av salslaga. Me vert både sinte og forbanna når dei prøver å utnytte krisa til eit slikt angrep , seier Nilsen.