- I Vesterålen har ein ført ein årelang kamp for å skaffe pengar til Hurtigmuseet på Stokmarknes, som slit økonomisk, og til eit overbygg over det landsette ”Finnmarken”. Eg trur mykje av årsaka til dette ligg i at museet vert eit pengesluk, og at politikarane difor har vore svært nølande til å løyve dei nødvendige pengane, seier Tor Arne Solvoll, som driv konsulentselskapet Gründerutvikling AS i Narvik, til Vesterålen Online.
- Eg har, i samarbeid med Willy Steffensen i Hadsel, komme til at ein må våge å redefinere innhaldet i Hurtigrutemuseet i Vesterålen. For stiftinga bak museet har me lagt fram eit totalkonsept, som handlar om alternative løysningar. Me ser for oss en dreing mot eit opplevingssenter, med Hurtigruten i sentrum, seier Solvoll til Vesterålen Online.
På flaske
Solvoll seier at det let seg gjere å setje "Finnmarken" inn i ei flaske.
- Dei ingeniørane eg har vore i kontakt med seier det. Dessutan er tilbakemeldingane så langt at eit slikt overbygg slett ikkje vert dyrare enn tidlegare lanserte forslag. Grunnen til at eg meinar vår løysing er betre, er at det vil kunne auke kundegrunnlaget valdsamt og difor gi ein langt sunnare økonomi for museet. Sjølvfinansiering er eit stikkord, seier Solvoll til Vol.no.
Marknadsføringsverdi
Solvoll meinar ideen om å setje "Finnmarken" inn i ei flaske vil ha stor verdi og trekkje mykje folk.
- For det fyrste har det stor symbolverdi for alle sjømenn. Dessutan genererer det merksemd og har stor marknadsføringsverdi. Det vil trekkje fleire folk. Det er viktig å tenkje nytt, seier Solvoll til NRK Nordland.
Uformelle samtalar
Solvoll har hatt samtalar med politikarar i kommunen og på fylkesnivå.
- Me har hatt uformelle samtalar både med stiftinga bak museet, og for politikarar både i Hadsel kommune og på fylkesnivå. Det er også sendt ein søknad til Innovasjon Norge i forhold til å utvikle denne planen. Me får veldig gode tilbakemeldingar. No er håpet at sterke næringsinteresser ser monn i denne idéen, og kan bidra med kapital, seier han til Vesterålen Online.
Gode tilbakemeldingar
Solvoll seier at tilbakemeldingane har vore udelt positive.
- Folk har stilt seg positive til initiativet. Målet vårt er at det skal verte sjølvberande, seier Solvoll til NRK Nordland.