Hopp til innhold

Vil fly ut nordnorsk fisk rett til utlandet

Nord-Noreg eksporterte fisk for nær 40 milliardar kroner i 2016. Dette køyrast med trailer til Gardermoen, Finland eller Sverige for eksport. Det vil Nordland fylkeskommune endre på.

ny by ny flyplass

GYLLEN MOGLEGHEIT: Den nye flyplassen som kjem i Bodø kan opne for eksport frå den nordlegaste landsdelen, skal ein tru Svein Eggesvik.

– Vi kan spare både pengar og miljøet. Dette vil løne seg for alle, seier Svein Eggesvik frå Senterpartiet, fylkesråd for samferdsel.

Svein Eggesvik

NYE MOGLEGHEITER: Eksport frå Nord-Noreg vil gjere heile regionen godt, meiner Eggesvik.

Foto: Senterpartiet

Nord-Noreg eksporterte fisk for 32,9 milliardar kroner i 2016, ifølgje Indeks Nordland. Men denne eksporten går på trailerar og tog til anten Oslo eller nabolanda, sjølv om Nord-Noreg har gode flyplassar.

– Det er faktisk åtte prosent kortare å reise frå Bodø til Kina enn det er frå Oslo. Det vil spare miljøet mykje, seier Eggesvik.

Illustrasjon av laksetransport fra Norge til Finland

LANG VEG: Vegen norsk fisk tek frå oppdrettsanlegga til utlandet er lang. Å eksportere direkte frå Nord-Noreg kan korte ned på denne tida.

Foto: Statens vegvesen

Umodent konsept

Transportutvikling AS laga ein studie for Nordland Fylkeskommune som syner eit stort potensial for utgåande flyfrakt frå Nordland. I dag skjer eksporten frå andre flyplassar, i hovudsak Gardermoen, men også Sverige og Finnmark.

– Ikkje nok med at ein får ei kortare flyrute, men ein slepp også å køyre heilt til Oslo med trailer. Det vert positivt for miljøet, seier Stig Nerdal, dagleg leiar i Transportutvikling AS som har skriven studien.

Men det er ikkje berre-berre å legge om infrastrukturen til næring i ein heil landsdel.

– Dette er ingen ny ide, men det er eit umodent konsept. På Gardermoen gjer dei store investeringar og infrastrukturen ligg til rette for eksport. I Nordland må vi ha noko å vise fram før selskap kan vurdere å flytte eksporten til lokale flyplassar, seier Nerdal.

Nordlaks på Stokmarknes

SJØMAT-BOOM: Havproduksjonen i Noreg kan femdoblast dei neste 30 åra, skal ein tru SINTEF.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

I ein rapport av SINTEF frå 2012, anslår dei at havbruksproduksjonen i Noreg vil femdoblast innan 2050.

– Dette gjer det endå meir aktuelt å førebu eksport frå regionen, seier Nerdal.

Fleire utfordringar

I tillegg til ein heilt ny infrastruktur kring flyplassane, er det eitt til stort problem som må løysast; kva skal flya fyllast med på veg heim att frå Kina eller USA?

– Då treng vi nye næringar som vil importere varer. Desse må også på plass for at slik eksport kan verte aktuell, seier Nerdal.

Det Transportutvikling AS konkluderer med i sin studie, er at ein kan spare både miljøet og pengar mykje ved å flytte eksporten. Men ein ny infrastruktur og næring som fyller flya heim att er kravd for å lukkast.

– Dette er eit spanande konsept. Om prognosane om vekst i oppdrettsnæringa slår til, er det ei formidabel moglegheit for heile Nord-Noreg.