Hopp til innhold

Vil byggje skipskanal i Vesterålen

Samferdsle er stadig tema for politiske debattar og går gjennom eit utal høyringar og utgreiingar. No vil ein lokal elektrikar hive inn eit nytt prosjekt.

Vil byggje skipskanal i Vesterålen

ELDSJEL: Jim Stian Karlsen er eldsjela bak gjenopplivinga av ein gamal ide

Foto: PRIVAT

– I tusener år og fram til før krigen slepte sjøfararar båtane over land for å sleppe å segle ut i Norskehavet. I dag kan me fikse dette utan problem.

Jim Stian Karlsen er eldsjela bak gjenopplivinga av ein gamal ide. Han er elektrikar, men er oppvaksen i båt og veit kor viktig den er for lokalsamfunnet hans, Øksnes i Vesterålen.

Karlsen ynskjer å byggje ein skipskanal mellom Eidsfjorden i Sortland og Skjerfjorden i Øksnes. Det er 700 meter land som skil dei to fjordane, og gjer til at skip og båtar må segle utanfor det vêrharde Vesterålen.

Skipskanalen

Har engasjert mange

– Eg er ikkje fiskar sjølv, men er vaksen opp i miljøet. Me har lenge ynskja oss ein snarveg inn i Eidsfjord og ned til Lofoten, seier Karlsen.

Han danna i fjor haust ei facebook-gruppe kring prosjektet, og har i dag engasjert nær 800 menneske.

– Eg har trua på at dette vil gagne turistnæringa også. Turismen i Nord-Noreg er større enn nokon gong, og dette vil opne for endå ein skjergard turistane kan utforske, seier Karlsen.

Også fiskerinæringa går god for prosjektet.

– Det er klart at det får ned transporttida både inn og ut av regionen. Det vil spesielt gagne den aukande førespurnaden etter fersk torsk, seier leiar i Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Kjell Ingebrigtsen ute på havet

SER EIT POTENSIAL: Leiaren i Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen trur ikkje fiskarane sjølve vil ha mykje behov for ein kanal, men trur transportnæringa vil nyte godt av det.

Foto: Norges Fiskarlag/Erik Indrestrand

Men engasjement er ikkje nok

På andre sida av landet, i Sogn og Fjordane, har dei også jobba med eit liknande prosjekt. I 1874 byrja dei fyrste å engasjere seg for ein skipstunell forbi Stad. Nær 150 år seinare ligg tunellen i Nasjonal Transportplan.

Men Karlsen planlegg å få kanalen i hamn litt raskare enn 150 år.

– Stad Skipstunell er jo eit svært prosjekt til nær tre milliardar kroner. Etter mitt reknestykke vil kanalen i Øksnes koste kring 25 millionar kroner. Fordelt mellom alle seks kommunar i sortlandsregionen er det ikkje mykje, seier Karlsen.

Han har nyleg sendt saksinformasjon til lokalpolitikarar, kommunestyre i Vesterålen og Kystverket. Han vonar saka vert tema i Vesterålen Regionråd seinare.

– Trur du politikarane høyrer på samferdsleynskje frå ein elektrikar som ikkje sjølv er avhengig av båttrafikk?

– Eg er på ingen måte åleine i dette her. Mange i lokalsamfunnet ynskjer eit nytt tilbod. Er ikkje det nett oss politikarane skal høyre på?

Skipskanalen

OPTIMISTISK: Eldsjeler har laga eit mellombels forslag til skipskanal. Ifølgje geologar skal det være lause massar mellom fjordane, altso er det billeg å grave.

Foto: Barry Schønningsen