Viktig hvordan lege møter pasient

Ein negativ reaksjon frå legen på bruk av alternativ medisin, kan få pasienten til å droppa ut av helsevesenet.

Pasientar som har avslått vanleg behandling, oppgir måten legen møtte dei på då dei tok opp alternativ medisin, som ei hovudårsak.

Dårleg kommunikasjon kan dermed utgjera ein alvorleg helsefare, meiner forskar Anita Salamonsen ved NAFKAM i Tromsø.

Statistikkar visar at det er større dødeligheit blant kreftpasientar som berre brukar alternativ medisin.