Under pandemien hadde sjukehusa bruk for mange fleire sjukepleiarar.
Det gjorde at mange sjukehus leigde inn mange sjukepleiarar.
Men fagforbundet meiner det bidrar til eit meir usikkert arbeidslivet, og går på kostnad av tilbodet.
Sykepleierforbundet meiner det er eit frampeik på korleis helsetilbodet vil utvikle seg.
Eit meir usikkert arbeidsliv
Guro Myklebust, nestleiar i Fagforbundet Midt-Lofoten er bekymra for situasjonen.
– Det er ei alvorleg utvikling. Vi fryktar at ein reduksjon i tenestetilbod, usikre arbeidsplassar og redusert beredskap, seier Myklebust.
Guro Myklebust, nestleiar i Fagforbundet Midt-Lofoten meiner det vert tryggare for både tilsette og pasientar om fleire sjukepleiarar er i faste stillingar.
Foto: PrivatMellom anna på grunn av ein sprekk i renoveringsbudsjettet slit Nordlandssykehuset med økonomien. Dei styrar no mot eit underskot på 150 millionar.
Tidlegare i haust sa sjukehuset sjølv at dei fryktar at det kan gå ut over pasientsikkerheita.
Samstundes har sjukehuset brukt 46 millionar meir på sjukepleiarar innleigd frå firma dei siste fire åra.
Tala NRK har fått tilgang på viser at dei i 2021 bruker i overkant av 55 millionar kronar på innleigde sjukepleiarar. I 2018 var talet knapt i overkant av 7 millionar kronar.
Grafen viser kor mykje pengar det har vore brukt på innleige av sjukepleiarar i Nordlandssykehuset frå 2017 fram til september 2021.
– Den økonomiske situasjonen vil kanskje bli verre om ein aukar vikarinntaket og reduserer faste stillingar, seier nestleiaren i Fagforbundet.
Myklebust og fagforbundet stiller spørsmål til om det er fagleg forsvarleg at det kjem nye folk inn, som kanskje ikkje får opplæringa dei treng.
Det trur dei òg er negativt for rekrutteringa.
– Det bidrar til eit meir usikkert arbeidsliv. Både for dei som ikkje har fast jobb, og for dei som jobbar fast og får mange vikarar til kollega, seier Myklebust.
Og det er ikkje berre Nordlandssjukehuset som har leigd inn fleire sjukepleiarar.
I Troms vart det leigd inn dobbelt så mange sjukepleiarar i år som i fjor.
Vil ha fleire i fast stilling
Nordlandssykehuset på sin side seier at dei ikkje berre har hatt ein auke av vikarar. Om lag 75 prosent av veksten i månadsverk gjeld faste stillingar, ifølge Beate Sørslett, fungerande administrerande direktør i Nordlandssykehuset.
– Det er ikkje slik at vi bruker vikarar som erstatning for fast arbeidskraft, men dei vert brukt i tilfelle der vi ikkje har fast arbeidskraft tilgjengeleg, seier Sørslett.
Det er dyrare å leige inn sjukepleiarar frå byrå enn å tilsette dei på fast.
Difor seier sjukehuset at dei jobbar for å finne løysingar, men at vikarane har vore løysinga for å sikre pasienttilbodet denne gong.
Den administrerande direktøren peiker på at rekruttering er hovudutfordringa for at dei kan tilsette fleire i faste stillingar. Men samstundes som dei jobbar for langsiktige løysingar, jobbar dei med kortsiktige strakstiltak.
Av dei er å halde nokre stillingar vakante.
– Det gjerast ein vurdering av om det er forsvarleg og kor dette kan gjennomførast, der til dømes stillingar på einingar som i dag har nødvendig innleie, skånast frå dette kravet.
Frampeik på framtidas helsetilbod
Lill Sverresdatter Larsen, forbundsleiar i Sykepleierforbundet, seier at bruken av vikarar i dei norske sjukehusa henger saman med den nasjonale sjukepleiarmangelen.
– Det er definitivt ein nasjonal trend med eit auka vikarbruk. Nokon helseføretak burde heller tilsetje sykepleiarar i hele stillingar, men mange helseføretak får ikkje søkjarar til stillingar som sjukepleiarar og har ikkje noko anna val enn å leige inn sjukepleiarane, seier Larsen.
Forbundsleiar i Sykepleierforbundet, Lill Sverresdatter Larsen, meiner dette er eit teikn på korleis sjukepleiarmangelen vil påverke helseføretaka.
Foto: Sunniva Tønsberg Gaski / Sunniva Tønsberg GaskiHo legg til at dette ikkje kjem til å vere berekraftig over tid. Løysinga, ifølge ho, vil vere å utdanne fleire sjukepleiarar, men også å halde på dei som allereie er utdanna.
– Sjukepleiarvikarane kjem frå byrå som hyrer inn frå land som Spania eller Romania. Det er ofte språklege utfordringar, men også at de ikkje kjenner organisasjonane. Dei som jobbar i fast stilling må difor gjere meir som aukar belastninga.
– Kan pasientane vere trygge på at dei er like godt rusta som norske sjukepleiarar til å gjere jobben?
– Du kan vere heilt sikker på at dei ikkje er like godt rusta, sidan dei ikkje har same type utdanning. Vi har ein av verdas beste utdanningar i Noreg. Det kan du absolutt ikkje vere sikker på, når det kjem sjukepleiarar frå andre land. Kompetansekrav må setjast av føretak og kommunar som leier inn frå byrå.
Larsen trur ikkje det er pandemien som er årsaka til at helseføretaka no leiger inn store mengder helsepersonell. Det handlar om ein langvarig sjukepleiarmangel.
– Det har vore ein aukande trend i helseføretaka i mange år før pandemien, seier Larsen som beskriv at dette vil verke inn på kvaliteten ved sjukehusa i framtida.
– Det er kritisk allereie. Til no har det vore mest kritisk i distrikta, men no ser vi også at sjukepleiarmangelen kjem til dei store helseføretaka.