Hopp til innhold

Ny rapport om haldningar til skeive: – Vi har framleis ein veg å gå

Ei ny haldningsundersøking viser at haldningane mot det skeive miljøet har blitt merkbart betre sidan 2008.

Pride tog i Bodø.

NYTT FOR UNDERSØKINGA: To av tre er positive til pride-paradane. Her frå paraden i Bodø i år.

Foto: Kasper Holgersen / NRK

Etter skytinga natt til laurdag 25. juni der to personar mista livet, blei alle pride-arrangement avlyst etter tydelege råd frå politiet.

Likevel strøymde fleire tusen frå det skeive miljøet, og dei som støttar det, til ein spontan parade i Oslo sentrum.

Sorgfulle, men rakrygga og fulle av kjærleik.

Les også Folk trassa politiets råd: – Det er for å visa at kampen held fram

STORE FOLKEMENGDER: Mange tok turen til Rådhusplassen i Oslo måndag kveld. Redigert.

Like før hendinga kom Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet med ein ny rapport som tar for seg nordmenn sine haldningar til skeive.

Betre haldningar – men framleis ein veg å gå

Undersøkinga er utført av Opinion på oppdrag frå Bufdir og kultur- og likestillingsdepartementet.

Det er fjerde gong ei slik undersøking blir utført. Første gong var i 2008.

Sidan den gong har nordmenn fått merkbart betre haldningar.

Pride flagget heist utenfor Stortinget for første gang

PÅ VENT: Offisiell pride-markering i Oslo er lagt på vent etter råd frå politiet.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Det å kunne leve frie og trygge liv, uavhengig av kven du er, handlar også om å kunne elske den ein vil utan å risikere hatefulle ytringar og vald.

Det seier Anna Bjørshol som er avdelingsleiar i Bufdir. Ho legg til:

– Dei aller fleste i Noreg er einige om det, men den grufulle hendinga laurdag viser at vi framleis har ein veg å gå.

Anna Bjørshol

FLEIRE POSITIVE: – Det er viktig å ha med seg at fleirtalet har gode haldningar. Samtidig er det bekymringsfullt at nokre har negative haldningar til andre berre fordi dei er homofile, seier Bjørshol.

Foto: Nyebilder.no

– Kva verdi har funna frå denne undersøkinga i lys av hendingane laurdag?

Eg tenker at det å få til eit likestilt samfunn og det å vere seg sjølv, ikkje skjer av seg sjølv. Det å jobbe for likestilling og mot diskriminering, hatefulle ytringar og vald, er noko vi alle må gjere kvar dag gjennom heile året.

Merkbare forskjellar

Sidan førre undersøking er nordmenn blitt meir positive til bifile personar og folk som kler seg likt det motsette kjønn.

Pride tog i Bodø.
83 prosent svarar positivt til at to personar av same kjønn lever saman som par i 2022, mot 70 prosent i 2008.
Pride tog i Bodø.
66 prosent oppgir at dei er positive til homofile kvinner/jenter i 2022, mot 47 prosent i 2008.
Blåser såpebobler under pride tog i Bodø.
51 prosent oppgir at dei er positive til personar som har skifta kjønn i 2022, mot 36 prosent i 2013, då spørsmålet blei stilt for første gong.
Foto: Kasper Holgersen/NRK

Åtte av ti nordmenn meiner at alle nyt godt av å leve i eit samfunn der lesbiske, homofile, bifile og transpersonar kan vere opne, står det i rapporten.

To av tre meiner det er viktig at pride blir markert.

– Folk må gå for dei som ikkje kan gå

Det gjer også Noor Eliassen, nestleiar i Skeiv ungdom i Bodø.

Laurdag vakna hen til at det tikka inn meldingar frå folk som merka seg som trygge. I tida etterpå har tjueseksåringen tenkt mykje på kor skummelt det heile er.

Portrett av ung dame med kort, krøllete hår. Foran kvitt gjerde med grøn plen bak.

KRAFTIG KOST: Ein går rundt og trur at ein er trygg, og så er ein ikkje det. Det er framleis dei som er så imot oss og vår eksistens at dei vil gjere noko slikt som dette. Det er kraftig kost å vakne opp til på ein pride-morgon, seier Eliassen.

Foto: Privat / NRK

– Slike ting set meg ordentleg på kanten. Eg må liksom revurdere alt. At slikt kan skje på det som skulle vere den største pride-feiringa i Noreg si historie? Nei, det er fôr for tankane.

– Det viser at vi treng markeringar som pride, og at folk framleis går for dei som ikkje kan gå.

Leiar i FRI, Inge Alexander Gjestvang, meiner det er viktig å rette innsatsen mot kor mange som har negative haldningar.

Inge Alexander Gjestvang

AUKE KUNNSKAPEN: Gjestvang seier auka kunnskap om skeive liv er ein viktig faktor for vegen vidare.

Foto: Foreningen FRI

– Det er positivt å sjå at pila går i riktig retning. Samtidig viser undersøkinga at det er ein veg å gå før storsamfunnet får like gode haldningar til bifile og personar som bryt med normer for kjønn som med homofile og lesbiske, seier han.

Fleirtal imot konverteringsterapi

Nytt for undersøkinga i 2022 er spørsmål om konverteringsterapi, markering av pride og spørsmål om eit tredje juridisk kjønn.

Det kjem fram av rapporten at 67 prosent er einige i at det bør vere forbode å drive konveringsterapi, medan 12 prosent er ueinige.

Undersøkinga viser også at:

  • Dei som brukar tid med skeive personar er meir aksepterande enn dei som ikkje gjer det.
  • Nesten sju av ti er ueinige i at det er mogleg å endre seksuell orientering eller kjønnsidentitet, ved bruk av konverteringsterapi.

Skepsis til eit tredje juridisk kjønn

Nordmenn er meir splitta i spørsmålet om eit tredje juridisk kjønn.

26 prosent av befolkninga er einige i at det bør finnast eit tredje juridisk kjønn i Noreg, mot 39 prosent som er ueinige.

34 prosent oppgir at dei verken er einige eller ueinige, eller at dei er usikre.

I Bodø fortel Eliassen at hen tar seg tida til å sørge, før hen stiller seg på beina igjen og ser ut mot lyset. Eliassen er tydeleg på at hendinga laurdag var på grunn av ein enkeltperson:

– Og vi må ta det slik.

En ny rapport fra Bufdir viser en markant økning i toleranse blant nordmenn for skeive personer. Men både rapporten og masseskytingen i Rosenkrantz gate natt til 25. juni viser at det er fortsatt en lang vei å gå, ifølge leder av foreningen FRI.

En ny rapport fra Bufdir viser en markant økning i toleranse blant nordmenn for skeive personer. Men både rapporten og masseskytingen i Rosenkrantz gate natt til 25. juni viser at det er fortsatt en lang vei å gå, ifølge leder av foreningen FRI.