Hopp til innhold

Gråvêret held fram i Nordland

Vêret i Nordland har denne helga vore turbulent. Neste veke ser ikkje noko betre ut.

Bølger

UVÊR: Vinden og nedbøren i Nordland held fram ut i neste veke.

Foto: Bent Ribe

– Neste veke ser grå ut, seier vakthavande meteorolog Nina Larsgård.

Denne helga har ein varmfront rulla på langs av Nordland. Dette har ført til store forskjellar i vêret, mellom anna på Helgelandskysten og i Salten.

Ein slik varmfront har også teken med seg ein del nedbør, spesielt på Helgeland.

Laster Twitter-innhold

– På laurdag var det mest nedbør i Glomfjord nord for Mo i Rana, der dei hadde 32 millimeter nedbør på eitt døger, seier Larsgård.

Hittil på sundag, er det Rana som har hatt mest nedbør, med over 43 millimeter.

Men nokre finn alltids lyspunkt i dårleg vêr:

Ruskevêret har ikkje stogga nordlendingane

Men trass i liten storm ved Ånstadblåheia i Vesterålen og kraftigt nedbør i Glomfjord, har nordlendingane kome seg utom døra, og har delt sine bilete med oss.

Finn du ditt bilete i vår biletserie?

Meløy

Om du ynskjer å dele dine bilete med oss, nytt emneknaggen #nrknordland.