– Neste veke ser grå ut, seier vakthavande meteorolog Nina Larsgård.
Denne helga har ein varmfront rulla på langs av Nordland. Dette har ført til store forskjellar i vêret, mellom anna på Helgelandskysten og i Salten.
Ein slik varmfront har også teken med seg ein del nedbør, spesielt på Helgeland.
– På laurdag var det mest nedbør i Glomfjord nord for Mo i Rana, der dei hadde 32 millimeter nedbør på eitt døger, seier Larsgård.
Hittil på sundag, er det Rana som har hatt mest nedbør, med over 43 millimeter.
Men nokre finn alltids lyspunkt i dårleg vêr:
Ruskevêret har ikkje stogga nordlendingane
Men trass i liten storm ved Ånstadblåheia i Vesterålen og kraftigt nedbør i Glomfjord, har nordlendingane kome seg utom døra, og har delt sine bilete med oss.
Finn du ditt bilete i vår biletserie?
Om du ynskjer å dele dine bilete med oss, nytt emneknaggen #nrknordland.