Hopp til innhold

Verdas naturfond vil ha raud-grønt

Verdas Naturfond oppmodar norske veljarar til å stemme på den raudgrøne regjeringa neste haust.

Rasmus Hansson i Verdens Naturfond

OPPFORDRAR: Rasmus Hansson i Verdas Naturfond oppfordrar folk til å stemme på dagens regjering ved neste val.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Slik vil Verdas Naturfond sikre ein meir miljøvennleg politikk.

Treng veljarane i ryggen

Leiar Rasmus Hansson seier regjeringa treng å vite at dei har veljarane i ryggen før dei tør ta vanskeleg val i miljøpolitikken.

- Det er først når Jens og co føler at dei har støtte at dei tør å ta dei tøffe valgene, og det ansvaret må faktisk kver einaste borger ta.

Hansson seier også at regjeringa ikkje kjem til å tørre å skifte kurs frå ein oljebasert økonomi og energiproduksjon, og kjem ikkje til å tørre å nytte olje-pengane til fornybar energi, før dei veit at dei har veljarane i ryggen.

Eksempel frå Brasil

Han peikar på eit konkret eksempel på kva veljarane bør vise at dei vil ha meir av.

- Det Stoltenberg har gjort nå i Brasil, nemleg å begynne å bruke forholdsvis store pengar på regnskog , er eit kjempegodt eksempel på kordan vi kan vise vei. Den typen eksemplar treng verda og det er det Norge kan gje verda. Og det er det norske veljarar kan fortelle Jens at vi vil ha.

Valforskar Frank Aarebrot seier at det ikkje har skjedd før at ein miljøorganisasjon vel å ta eit så klart politisk standpunkt.

- Direkte stemmeoppfordring frå ein miljøvernorganisasjon til eit bestemt regjeringsalternativ har eg ikkje registrert tidlegare, seier Aarebrot.

Kva synast du om utspelet frå Rasmus Hansson? Sei di meining!