Hopp til innhold

Varslar nesten ein meter snø og sterk storm i nord: – Kan bli kraftig vind frå fleire retningar

Meteorologane melder om kraftig vind og store mengder snø i Nord-Noreg. Samtidig er det meldt stor skredfare fleire stader i landet.

Farevarsel om polart lavtryk i Nordland.

POLART LÅGTRYKK: Det er framleis usikkert kor det polare lågtrykket vil treffe, men det kan bli heftig der det treff, melder Meteorologane.

Foto: Meteorologisk institutt

Varsam si oversikt viser betydeleg fare for snøskred, altså farevarsel tre, i store delar av Nord-Noreg.

Samtidig varslar Meteorologisk institutt gult nivå grunna kraftig vind.

Det vil kome ein god del snø i store delar av Nord-Noreg, og aller mest blir det i Troms og Nordland.

Samtidig vil det vere kraftig vind, og meteorologane varslar at det kan bli liten til sterk storm, kraftige byer og snøfokk.

Opp mot 90 cm snø

Dei neste dagane kan det kome opp mot 90 centimeter snø enkelte stader i Helgeland, skriv meteorologane på Twitter.

I andre delar av Nordland og Troms og Finnmark er det venta 25-50 centimeter.

I Troms og Finnmark er Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen, Tromsø, Sør-Troms og Indre Troms ekstra utsette.

I Nordland gjeld varselet spesielt for regionane Lofoten, Ofoten, Vesterålen, Salten, Svartisen og Helgeland.

Gustav Pless er vaktleiar ved Snøskredvarslinga i NVE.

Han fortel at dei går opp i faregrad på grunn av kombinasjonen med svakt snødekke, nedbør og vind.

Gustav Pless

Gustav Pless, vaktleiar ved Snøskredvarslinga i NVE.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er krevjande situasjon å vere ute i fjellet i. Det kan også vere krevjande vêr. Det vil truleg vere vanskeleg å navigere i fjellet i den type ver. Det er forhold som er vanskeleg å ta omsyn til.

Pless anbefaler folk å halde avstand frå bratte heng med fokksnø i fjellet, fordi det kan vere lett å utløyse snøskred.

Nedbøren vil variere mellom regionane.

– Det er generelt at det er vanskelege skredforhold no. Dei er godt vande i nord, så vi har mykje av det som folk er vande med, med vedvarande svake lag og nysnø.

– Då er det å vere forsiktig i fjellet og halde god avstand til skredterreng. Alt over 30 grader anbefaler vi å unngå, i tillegg til terreng under dette, fordi ein kan fjernutløyse skred.

Ein del snø er det også på Nord-Vestlandet. I Jotunheimen, Sunnmøre og Romdal er det varsla moderat snøskredfare.

– Men det er ikkje så mykje nytt, difor er snøskredfaren moderat.

Kan gå naturlege ras

Ekstra svake lag i snødekket blir typisk danna tidleg på sesongen når det er kaldt og tynt snødekke. Difor vil det vere mogleg for personar å utløyse skred på avstand.

– Altså å stå på ein stad og utløyse skred over deg. I nokre av desse regionane vil vi også melde at skred kan gå naturleg.

Også i trafikken skal ein vere litt ekstra påpasseleg.

Les også Vil ha slutt på å sende skiturister til farlige fjelltopper

Skiturister fra Sveits på tur opp fjellene i Lyngen.

På Vestlandet har brøytemannskap hatt hendene fulle med snøkaos dei siste par dagane. Enkelte stader i Nordland har bussar allereie blitt innstilte som følge av stor rasfare.

– Varselet er ikkje heilt klart for i morgon. Nokre stader vil vi i melde at det kan gå store naturlege utløyste skred.

I Vest-Finnmark kan det kome ein del snø og opp mot stiv kuling. Då kan det fort gå småskred på veg, opplyser Pless.

– Men vi forventar ikkje omfattande ustabile forhold.

Snø på vei mot Nord-Norge, 14.12.22
Foto: Meteorologisk institutt

Ventar storm og ustabile vêrforhold

Meteorologisk institutt har meldt om to polare lågtrykk som er på veg.

– Med polare lågtrykk kan det bli kraftig vind frå fleire retningar, og at det blir kraftige snøbyer saman med det.

Det seier Elise Gloppen Hunnes, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Det kjem ein del nysnø saman med mykje vind.

Det er knytt høg usikkerheit til akkurat kor dei landar, men store delar av Nordland blir påverka av lågtrykket.

– Lågtrykket i Nordland er venta å danne seg utanfor Lofoten og Vesterålen og trekke seg innover rundt Salten og Helgeland slik det ser ut no.

I Troms og Finnmark vil Vest-Finnmark og Troms få både kraftige snøbyer og ein del vind.

– Det blir eit veldig ruskevêr. Blir nok vanskeleg viss ein har tenkt seg ut å køyre. Det vil jo bli feldig dårleg sikt og kan ta lenger tid å reise ulike plassar.