Hopp til innhold

Varslar krise i kommunane

Nyutdanna sjukepleiarar får sjokk når dei møter arbeidskvardagen, og fleire har allereie gått ut av yrket. Norsk Sjukepleiarforbund slår alarm.

Sykepleier

Norske kommunar har behov for mange nye sjukepleiarar. Men låg lønn og stort ansvar gjer at mange sluttar, meiner Norsk sjukepleiarforbund

Foto: Erlend Aas

Ida Nilsen var ikkje førebudd på det store ansvaret som møtte ho då ho byrja ved Stadiontunet sykehjem for eitt år sidan.Ved sjukeheimen i Bodø har 25-åringen ansvaret åleine når ho har helgevakt:

- Når eg har vakt på sjukeheimen er eg som regel åleine på vakt, og har ansvaret for 56 pasientar til saman.

- Korleis er det?

- Det er jo sjølvsagt veldig tøft til tider, fordi eg ofte står i situasjonar kor eg har alt ansvaret, og det er eg som får svi om noko går gale, seier Nilsen.

Men det kunne ha vore verre. Fylkesleiar i Norsk Sjukepleiarforbund Anne Lise Solberg veit om ein sjukeheim der ein sjukepleiar på natta har ansvaret for meir enn hundre bebuarar.

Fryktar fleire skal bytte jobb

Held det fram slik fryktar Solberg at kommunane ikkje vil få tak i alle dei nye hendene dei treng:

- Det er jo ein del som allereie har gått ut av yrket fordi lønna er for dårleg, og kompetansehevinga ikkje er til stades i den kommunen kor dei jobbar. Dei vel seg andre yrker, og så ser vi søkinga til sjukepleierutdanninga har gått ned, seier ho.

Dei siste åra har sjukepleiarane begynt å stille krav, om full stilling, om eit kurs eller to i året og om betre lønn. Samtidig blir det mange fleire eldre innbyggarar i fylket- og no må kommunane skjerpe seg om dei skal unngå krise:

- Det bør vere klare kompetanseplanar i den enkelte kommune. Dei må seie noko om ikkje berre kor mange hender dei skal ha, men kva kompetanse dei hendene skal ha. Og så må dei sjølvsagt gjere noko med lønna.

Og Ida Nilsen i Bodø synast sjølv at lønna er låg. Nøyaktig 300 tusen kroner i året er lite, om ein tek omsyn til utdanning og ansvar. 25-åringene tviler på at hun er på samme post om noen år:

- Fordi eg ofte føler eg ikkje får gjort den jobben eg skal gjere, eller den jobben eg har lyst til å gjere.